«Eit arrogant og kynisk angrep på alle uføretrygda»
– Det er utruleg provoserande at Erna Solberg og andre Høgre-politikarar forsøker å framstille det som om det er attraktivt å motta uføretrygd i dag, skriv Simen Bondevik.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Tidlegare i vår stilte Erna Solberg smilande opp i ein lang reportasje i VG. Ho hevda nemleg å ha løysinga på det stadig aukande talet på unge uføre.
Høgres leiar vil at Nav skal stille strengare krav til aktivitet og arbeid, innføre eit regime der sjuke folk som ikkje møter opp til aktivitet mistar delar av stønaden sin, og innføre eit forbod mot at personar under 30 år skal kunne få uføretrygd.
Dette er eit arrogant og kynisk angrep på alle uføretrygda i Noreg. Erna Solberg viser med all tydelegheit at ho ikkje forstår kva som er det reelle problemet her.
Problemet er ikkje at folk er late
Eg har mange vener som er uføre, med heilt ulike diagnosar og i svært ulike livssituasjonar. Men éin ting har dei alle til felles: Den største draumen deira er å kunne få seg ein jobb dei klarer å stå i. Diverre har dei ikkje den moglegheita i dag, fordi dei er for alvorleg sjuke til å kunne jobbe eller ikkje får den tilrettelegginga dei treng.
Problemet er altså ikkje at sjuke folk er late og ikkje gidd å jobbe. Problemet er at dei blir fråtekne moglegheita til det, på grunn av eigen helsesituasjon og mangel på universelt utforma arbeidsplassar med fordomsfri rekruttering. Dersom Erna Solberg faktisk er interessert i å få fleire unge uføre inn i arbeid, er det nettopp her ho bør starte.
Å skape eit meir inkluderande arbeidsliv for funksjonshemma bør vere ei av dei viktigaste sakene dei neste åra.

Erna Solberg prøver å gjere uføre til syndebukkar

Tapte ressursar for samfunnet
Over 100 000 funksjonshemma står ufrivillig utanfor arbeidslivet, sjølv om dei både vil og kan jobbe. Det er store tapte ressursar for samfunnet vårt. Men Erna Solbergs forslag om å ta frå alvorleg sjuke unge menneske den vesle økonomiske tryggleiken dei har, vil ikkje føre dei nærare arbeidslivet. Tvert imot vil det dytte sårbare menneske ut i eit alvorleg utanforskap.
Ingen har lyst til å bli uføretrygda. Nivået på ytingane i Noreg er svært lågt. Som ufør møter ein mykje stigma, fordommar og hat i samfunnet. Dei som blir uføre trass i alt dette, gjer det fordi dei er så sjuke at dei ikkje har noko anna val. Ein må gjennom ein lang prosess med legeerklæringar, undersøkingar og arbeidsretta tiltak for å til slutt få det innvilga.

Ingen har lyst til å bli uføretrygda

Det er utruleg provoserande at Erna Solberg og andre Høgre-politikarar forsøker å framstille det som om det er attraktivt å motta uføretrygd i dag. Solbergs utspel blir endå meir provoserande når Høgre stemmer mot forslag etter forslag som ville gjort livssituasjonen til funksjonshemma betre og faktisk fått fleire uføre i jobb.
FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) stiller klare krav til lik tilgang til arbeidslivet. Høgre er, saman med FrP, Stortingets klåraste motstandar mot å ta CRPD inn i norsk lov. I Oslo bystyre fremja vi i Partiet Sentrum fleire forslag som skulle sikre betre rekruttering av funksjonshemma. Høgre stemte mot kvart einaste forslag.
Syndebukkar
Erna Solberg prøver å gjere uføre til syndebukkar. Realiteten er at det er systemet – og hennar eigen politikk – som sviktar desse menneska. Når Høgre stemmer ned tiltak for inkludering samstundes som dei føreslår kutt i den vesle økonomiske tryggleiken til dei same menneska, så er det vanskeleg å sjå dette som noko anna enn eit kunnskapslaust og fordomsfullt utspel.
Norsk politikk treng leiarar som står skulder ved skulder med dei som fell utanfor – ikkje som sparkar dei endå lenger ned.