Dobbeltspel er ei bok for deg som helst set deg ned og ser ein eller annan tennismatch, boksekamp eller fotballkamp på TV, framfor å setje deg ned med ein roman.

Sigrid Forbord Hoseth
Publisert

Sport kan vere så mykje meir enn berre kampane som spelast ut på bana. For rundt spelet finst det eit anna, meir komplisert spel, om sponsorar, veddemål og korrupsjon. Eit spel som blir skildra i Gudmund Skjeldal si første roman, Dobbeltspel.

Dobbeltspel møter me Paul, ein ung og lovande tennisspelar frå Noreg. Han er ikkje den beste spelaren i tennisverda, men trass dette får han moglegheita til å delta på ei rekke ulike tennisturneringar saman med trenaren sin, den gamle bokselegenda Edgard.

Dobbeltspel

Forfattar: Gudmund Skjeldal

Forlag: Cappelen Damm

Sjanger: Kriminalroman

Sidetal: 302

Før alle kampane strenga Paul sine eigne tennisracketar, dette sjølv om dei ulike turneringane han deltek på, tilbyr eigne sprengarar. Å strenge sine eigne racketar er ikkje noko problem for Paul, heilt til han, under ei turnering i Stockholm, finn ein fastbunden mann i strengerommet. Men kven er eigentleg denne mannen, og korleis vil denne hendinga påverke karrieren og privatlivet til Paul?

Leikar seg med sjangrar

Dobbeltspel er ein roman som set fokus på spelet tennis, samstundes som forfattaren leikar seg med sjangrane medan han skriv. For ein kan finne både spor av sakprosa og krim i boka Dobbeltspel.

Forfattaren, Gudmund Skjeldal har tidlegare skrive fleire sakprosabøker, deriblant ei sakprosa om Wimbledon. Skjeldal har mykje kunnskap om tennis, noko som kjem fram også i Dobbeltspel, og som gir boka eit trekk av sakprosa. For eksempel blir det trekt inn referansar til den verkelege tennisverda. Denne konsekvente bruken av fakta gjer boka eigen, samt at han kan treffe eit breiare publikum ved å appellere til lesarar som heller vel sakprosa framfor fiksjonsromanar.

Handlinga som ikkje er direkte knytt til tenniskampane som spelast, eller historia rundt spelet tennis, kan minne meir om krimsjangeren. For sjølv boka minner om ein samtidsroman, då mykje av tematikken i boka er knytt opp mot mellommenneskelege relasjonar; som vennskap og fiendebilete, blir det bygd opp ei intens spenningskurve gjennom boka, der lesaren blir sittande og lure på korleis det heile skal ende. Dobbeltspel kan kategoriserast som ein kriminalroman. Samstundes er ikkje denne spenningskurva i hovudfokus, noko som gjer at boka til tider kan verke litt kjedeleg, om ein manglar interessa for tennis.

Fokus på spelet

Det å ha ein grunnleggande kunnskap om spelet tennis, samt kunnskap om kva som har skjedd i idrettsverda dei siste åra, er viktig om ein skal lese boka Dobbeltspel. For sjølv om boka er spennande, kan det vere vanskeleg å forstå kva som føregår i boka, om ein ikkje har forståing for spelet. Om ein manglar kunnskap om tennis, og ikkje vil setje seg ned og lese seg opp på reglane og historia til tennis, kan handlinga i Dobbeltspel bli ei smule einsformig. Dette fordi handlinga baserer seg på livet til hovudpersonen, som er ein tennisspelar.

Det er då ikkje rart at handlina blir prega av tennisspelet, sjølv om balansen mellom fokuset på tennis og fokuset på handling knytt til det som føregår utanom tennisbanen, ikkje er spesielt god. Sjølv om handlinga kan vere spennande, er det altfor lite handling, som ikkje er direkte knytt til tennis, til at ein lesar som ikkje er interessert i tennis, skal like boka.

Dobbeltspel er ei bok for deg som helst set deg ned og ser ein eller annan tennismatch, boksekamp eller fotballkamp på TV, framfor å setje deg ned med ein roman. For om interessa for sport er der, er Dobbeltspel ei fantastisk bok for deg.