Rekordmange nominasjonar til Årets ungdomskommune

Nesten 30 små og store kommunar er nominerte til prisen som heidrar kommunar som har utmerkt seg i arbeidet med ungdomsmedverknad. Det er fleire enn nokon gong.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Prisen blir delt ut annakvart år og går til ein kommune som har gjort ein ekstra god jobb med å gi ungdom høve til å påverke lokalmiljøet sitt og vere med på å forme kommunepolitikken.

For å bli nominert må kommunen ha vist eit tydeleg engasjement for den retten unge har til å delta og bli høyrde. Ungdomsmedverknad er heilt avgjerande for å utvikle ein god lokal ungdomspolitikk.

Desse kommunane er nominerte i år:

  • Asker
  • Bardu
  • Drammen
  • Farsund
  • Fredrikstad
  • Frøya
  • Gjøvik
  • Gloppen
  • Hamar
  • Haugesund
  • Hemnes
  • Hjartdal
  • Kristiansand
  • Kvinesdal
  • Lillestrøm
  • Luster
  • Modalen
  • Nesodden
  • Nissedal
  • Sandefjord
  • Senja
  • Skaun
  • Solund
  • Sør-Varanger
  • Tromsø
  • Tønsberg
  • Ulstein
  • Volda
  • Voss

 

Når ungdomskommunen i år skal kårast, blir det lagt vekt på at engasjementet og meiningane til ungdommar faktisk blir teke med i politiske prosessar og avgjerder.

Det er juryen som avgjer kven som stikk av med prisen på 250.000 kroner når vinnaren blir kåra under den nasjonale Ungdomskonferansen i Øystese 21.–23. september.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) leier juryen, som elles består av Ungdom og fritid, Velferdsforskningsinstituttet NOVA og KS.