Vil ha våpentrening for russiske elevar
Grunnleggande militærtrening kan igjen bli obligatorisk på skulane i Russland, om to av fire parti får viljen sin.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Våpentrening i grunnskulen?
Utdanningsnytt siterer den russiske nettavisa Nezavisimaja Gazeta, som hevdar at to av dei fire partia i den russiske nasjonalforsamlinga foreslå å innføra obligatorisk militærførebuing i den russiske grunnskulen.
Ifølgje avisa er grunngjevinga for forslåget å auka kvaliteten på dei som skal inn til verneplikt, samt å luka ut dei som lyg på seg sjukdommar for å sleppa unda.
LES OGSÅ: Tvingar russarane til patriotisme
Brå sjukdom
Det er det liberaldemokratiske partiet og Kommunistpariet som kvar for seg vil fremja forslaget.
– På mellomtrinnet spring, hoppar og slåst dei i kroppsøvingstimane. Men så snart dei kjem i vernepliktsalderen, får dei brått ulike sjukdommar som gjer at dei ikkje kan dra i militæret, sa Roman Khudjakov frå det liberaldemokratiske partiet til Nezavisimaja Gazeta, ifølgje Utdanningsnytt.
Militærtreninga vil bestå av å ta frå kvarandre og setja saman eit Kalashnikov-gevær, samt å skyta med det. Jentene skal læra førstehjelp. Om forslaget blir ein realitet, blir det eit blaff frå tida til Sovjetunionen. Då var grunnleggande militærtrening obligatorisk i grunnskulen, og slik var det fram til 1991.