Fleirtalet meiner det er rett å publisera karikaturane
Ei undersøking gjort av NRK viser at to av tre meiner det er rett å publisera karikaturar av profeten Muhammed.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NRK gjennomførte undersøkinga på 501 personar, som vart spurt om dei var for eller imot å publisera karikaturar av profeten Muhammed, slik satirebladet Charlie Hebdo gjorde.
Av dei spurde var heile 65 prosent for, og 15 prosent var imot. 19 prosent visste ikkje.
LES OGSÅ: Difor vinn pennen alltid over våpen
– Mobbing
NRK har og intervjua Fahad Qureshi, leiar av nettsida Islam Net. Han meine det er feil å sei at publiseringa av karikaturane har noko med ytringsfridom å gjera.
– Dette er hån, organisert mobbing og uthengig av ei stor religiøs gruppe, seier han til NRK.