Redaksjonell rapport for 2014

Fleire lesarar og meir journalistikk som blir lagt merke til.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på daglege og vekentlege brukarar auka også i 2014. I snitt har nær 10.000 unike brukarar vore innom Framtida.no kvar veke no i haust. Trafikken har vore jamnare enn fjoråret.

I løpet av 2014 har over 336.000 unike brukarar vore innom Framtida.no. Det er ein auke på 31.000 samanlikna med i fjor – og ny rekord.

Den mest lesne saka vår i 2014 er så langt vist over 14.000 gonger på Framtida.no og er den nest mest lesne gjennom tidene – berre slått av Are Kalvø-teksten Skandale-regjering frå hausten 2013 som er lese over 45.000 gonger.

Dette var mest populært på Framtida.no i 2014!

Meir eigenprodusert stoff
I løpet av 2014 har Framtida.no hatt ein redaksjon tilsvarande nær 3,4 årsverk. Me lyste ut ei stilling som journalist tidleg på året, og fekk mange godt kvalifiserte søkjarar. I juni blei Anders Veberg tilsett i eit engasjement som journalist i 100 prosent. I tillegg har redaktør Svein Olav Langåker og Andrea Nøttveit jobba i 100 prosent stilling og Tora Hope i ei deltidsstilling. I sommar hadde me tre sommarvikarar og fleire frilansarar, kommentatorar, bokmeldarar og andre skribentar som har skrive for oss.

I løpet av 2014 har Framtida.no publisert kring 2400 artiklar – noko som er ny rekord. Sidan september 2010 har me publisert nær 8500 artiklar.

Journalistikk som blir lagt merke til
I løpet av året har Framtida.no fått omtale eller blitt sitert 104 gonger i papiraviser, ifølgje buyandread.com. Det er ein auke på 26 frå i fjor.

Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 328 gonger i 2014 mot 172 gonger i 2013, 251 gonger i 2012 og 116 gonger i 2011.

ABC Nyheter har brukt 73 saker frå Framtida.no – ein oppgang på 37 saker frå 2013 og 2012. Fleire av sakene har vore blant dei mest lesne hjå dei. Nynorsk Pressekontor og fleire av dei store riksavisene har sitert fleire saker frå oss.

Vestlandskontor
I august opna Framtida.no vestlandskontor på Stord, i lokala til lokalavisa Sunnhordland midt i Leirvik sentrum. Ved å ha kontor både i Oslo og Stord håper me å få høve til å dekkja endå fleire spennande saker og vera til stades der lesarane våre er.

Gode tilbakemeldingar
Våren 2014 gjennomførte me for første gong ei lesarundersøking på Framtida.no. 71 prosent av dei som svara på undersøkinga gav Framtida.no terningkast 5 eller 6. Dette er svært høge tal. Me vil gjennomføra ei ny lesarundersøking i løpet av våren, men har du forslag til forbetringar eller tips til saker me bør skriva, er det berre til å ta kontakt!

Mobiltilpassa
I september fekk Framtida.no responsiv design. Dette betyr at nettsida tilpassar seg skjermstorleiken til brukarane våre – noko som gjer det enklare å bruka Framtida.no på mobil. I løpet av året har talet på økter på mobiltelefon auka med 48 prosent. Til liks med marknaden elles, ventar me ein auke i talet på mobilbrukarar framover.

Fleire samarbeidspartnarar
Me helsar Porten.no og Møre som nye samarbeidspartnarar i løpet av året. Og framleis samarbeider me med lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Ryfylke, Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Vestavind, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Kvinnheringen, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og studentavisene Universitas, Studvest og Dusken.no. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på mykje godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenker til nettavisene deira.

Fleire aviser har i tillegg vald å leggja ut ein nyhendeboks på sidene sine, slik at lesarane deira får høve til å klikka på dei siste overskriftene til Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Med Magasinett har me samarbeidd om éin skrivekonkurranse i løpet av året.

LES MEIR: Skreiv seg til siger

Framtida.no har også samarbeidd med Nynorsksenteret og Stavanger Katedralskule om bruk av nynorsk i samfunnsfag. Me har òg tatt initiativ til to seminar på Stord og i Førde om nynorsk barne- og ungdomslitteratur, i samarbeid med Nynorsksenteret, fylkesbibliotek og Samlaget.

Saman med Norsk Målungdom og Noregs Mållag er Framtida.no i ferd med å kåra verdas beste nynorskblogg.

Økonomi
ABC Startsiden har støtta med 200.000 kroner og gratis kontorlokale i 2014 – medan Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) støtta med 400.000 kroner direkte til Framtida.no. I 2014 har Framtida.no tatt over den redaksjonelle drifta av LNK.no, og har fått 450.000 i kompensasjon for dette.

Framtida.no har òg fått kompensert for arbeidet med eit debattprosjekt for åtte bibliotek i Sunnhordland. Dette prosjektet held fram i 2015, og er støtta av Nasjonalbiblioteket.

LES MEIR: Klar til debatt

Elles har me auka inntektene frå annonser i 2014, og budsjetterer med auka inntekter i 2015. Framtida.no har òg auka inntektene frå lokalaviser som me har levert stoff til. Me utfører også marknadsundersøkingar og anna konsulentarbeid for nokre lokalaviser. Oslo Nye Sparebanks Fond støtta utviklingsarbeid på nettsidene våre.

Abonnement
I 2014 er det endå fleire aviser som har lagt ut nyhendeboksar frå Framtida.no på sidene sine. Me har òg gjort det lett for biblioteka å leggja ut siste nytt om bøker, siste bokmeldingar og bokquizar frå Framtida.no på nettsidene sine. Så langt har åtte bibliotek lagt ut dette på nettsidene sine.

Les meir om dette og korleis du klikkar deg til meir nynorsk her!

Framtida.no har òg starta eit nyhendebrev for boknytt. Meld deg på her!

Planar for 2015
I 2015 planlegg me ei grundig dekking av lokalvalet og forsøket med stemmerett for 16-åringar. Me vil også skriva endå meir om nynorsk litteratur. Me vil i tillegg halda fram med å invitera til debatt både på nett og i fleire bibliotek som me samarbeider med i Sunnhordland. Me vil òg satsa meir på forskingsformidling.

Framtida.no vil òg skifta publiseringssystem, då systemet me i dag bruker, Diem, har gjeve oss nokre utfordringar i året som har gått.

Frå 2015 tar Framtida.no-redaksjonen over drifta av Pirion – kulturavisa for barnehage og småskule. I tillegg til nettutgåva kjem Pirion ut i 61.000 eksemplar gjennom Fagbladet kirke, kultur og oppvekst.

Framtida.no vil i året som kjem invitera endå fleire aviser, skular og kommunar til å samarbeid. Målet er å vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no, Pirion og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2013 her!

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2012 her!

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2011 her!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med Svein Olav Langåker på epost eller del tankane dine i kommentarfeltet under!