Dette er hans femte år som leiar for Unge Høgre. No vil Ola Svenneby (28) inn på Stortinget.

Mathea Kulbotten
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.

På Høgres hus i Oslo er kontora pynta i blått. Framtida.no har kome dit for å snakke med Ola Svenneby (28), som er leiar i Unge Høgre.

– Eg kjem frå ein samfunnsengasjert heim, og har alltid vore engasjert i samfunnet, fortel han.

Heime var han vand til at familien såg på Dagsnytt 18 og Dagsrevyen. Men foreldra var ikkje politikarar sjølve.

– Eg hadde ein kompis som var medlem av Unge Høgre, og han inviterte meg med på eit møte. Etter det var eg seld.

– Ein heilt anna utryggleik enn før

Svenneby er oppteken av at valkampen i år skal handle om dei utfordringane som folk står overfor.

– Når fleire står i helsekø, skattane er høge, og økonomien går i gal retning, så trur eg folk kjenner på ein heilt anna utryggleik enn før.

Særleg trur han at økonomi vil vere viktig for mange unge veljarar.

– Er det pengar att på kontoen i slutten av månaden? Har dei ein jobb å gå til? Har dei lært det dei skal på skulen? Kjem dei inn på universitetet, høgskulen eller fagskulen? Dei tinga som angår folk sin kvardag trur eg blir det viktigaste for dei.

Dei unge mennene

Dei siste åra har høgresida i norsk politikk fått eit godt grep om unge veljarar. Særleg gjeld det unge, konservative menn.

Unge Høgre-leiaren trur at nettopp privatøkonomi er ein del av grunnen.

– Dette er ikkje berre ein norsk trend, men ein internasjonal trend. Veldig mange er opptekne av privatøkonomi, kanskje litt meir konservative verdiar, og då er det naturleg å gå til oss, meiner han.

Men Høgre møter sterk konkurranse frå Framstegspartiet, som no er det største partiet på borgarleg side.

– Eg trur vi må minne veljarane på kva Høgre står for. Og viss dei til dømes er opptekne av ein ansvarleg oljepengebruk, så er vi eit betre alternativ enn Frp.

Klima vs. forsvar

Då Svenneby i mars tok til orde for at klimatiltak må vike for forsvar og sikkerheit, var det mange som reagerte, mellom anna leiar i AUF, Gaute Skjervø.

– Vil ikkje ein varmare planet føre til fleire konfliktar, til dømes knytt til matmangel, som igjen vil føre til meir sikkerheitspolitisk uro?

– Klimaendringane kjem til å føre til meir uro. Men poenget er ikkje å slutte med klimatiltak. Spørsmålet er kva vi skal gjere dersom klima og sikkerheit står mot kvarandre. Til dømes når det gjeld gass. Då meiner eg det er ei ærleg sak at Europa bør frigjere seg frå russisk gass, enn at Noreg skal få sine utslepp frå sokkelen ned, svarar Svenneby.

Han meiner også det er mogleg å satse på begge delar samtidig.

– Veldig mykje klimapolitikk er god sikkerheitspolitikk.

Frå reality til Stortinget

28-åringen har vore leiar i Unge Høgre sidan 2020. No kjempar han for å få ein plass på Stortinget til hausten.

– For at eg skal klare det treng vi cirka 23 prosent oppslutning i Oslo. Eg er klar for valkampen, seier han.

Men han understrekar at dette ikkje var grunnen til at han var med i realityprogrammet Boksen på TV 2:

– Eg hadde eigentleg bestemt meg for å seie nei til realityprogram, men eg var nysgjerrig. Det var veldig gøy å vere med, men eg trur ikkje eg skal vere med på fleire realityprogram! avsluttar han.

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby. | FOTO: Lars Tynning / Unge Høgre