Sp og Ap har lova grep for studiestøtta – seier nei i Stortinget

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har vedteke at dei vil knyte studiestøtta til det såkalla grunnbeløpet (G). Men i Stortinget seier dei nei.

NPK-NTB-Marius Helge Larsen
Publisert

– Eg er skuffa over at forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) ikkje sørgjer for at Arbeidarpartiet er med på dette, når det er Arbeidarpartiets kjernepolitikk. Tydelegvis er ikkje vedteken politikk så viktig hos Arbeidarpartiet, seier Grete Wold i SV til NTB.

Ho har foreslått i Stortinget å knyte studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda. Dette betyr at den automatisk blir justert opp i tråd med prisveksten i samfunnet.

Både Sp og Ap har vedteke at dei er for dette på landsmøta sine denne våren og har det inne i partiprogrammet for dei neste fire åra.

Men då Utdanningskomiteen på Stortinget leverte innstillinga si i saka førre veke, gjekk både Ap og Sp imot. Dermed blir det ikkje fleirtal.

– Berre Venstre og Raudt stemde med oss. Dei andre partia valde altså å stemme mot eigen kjernepolitikk, seier Wold.

Grete Wold i SV er skuffa over Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Ap: – Kostnadskrevjande

merknadene til saka i Stortinget påpeikar Arbeidarpartiet at dei saman med SV og Sp har styrkt studiestøtta stort dei siste åra.

Basislånet vil frå neste studieår vere auka med 40.500 kroner samanlikna med 2021.

– Arbeidarpartiet ønskjer å påpeike at ei G-regulering av utdanningsstønaden kan gi auka føreseielegheit, men det vil også vere eit kostnadskrevjande tiltak, skriv dei.

Ap viser til at det årleg kan bli snakk om 544 millionar kroner ekstra. 

Også Senterpartiet peikar på auka studiestøtte dei siste åra og fleire andre grep for studentane. Dei skriv vidare at SV ikkje har utdjupa kva utdanningsstøtteordningar som bør koplast til G.

 – Meir føreseieleg

Wold og SV meiner at studentane vil få ein meir føreseieleg økonomi ved å knyte studiestøtta til grunnbeløpet.

– Studentar har eit like stort behov for å kjøpe brød og betale husleiga i år som neste år, seier ho.

Ho viser til at nivået på den no auka studiestøtta ikkje er sikra i åra framover.

–Vi kan jo ikkje ha det sånn at han må forhandlast opp i Stortinget kvart einaste år, det er ikkje akkurat føreseieleg, seier ho.