William (17) er Årets rollemodell: – Eg har brent ein del mat, ass!

William Wiland mottek pris for sitt engasjement for kokkeyrket og for si omsorg for andre. Men vegen til prisen har ikkje vore heilt smertefri, kan han fortelje.

Mathea Kulbotten
Publisert

– Det er travelt å jobbe her, men eg likar det. Det er kjedeleg om det går sakte, seier William Wiland til Framtida.no.

Vi møter han i andre etasje i Mathallen i Oslo. Her har 17-åringen opna restaurant og catering saman med dei andre juniorkokkane frå Geitmyra, ein plass som gir barn og unge kurs og kunnskap om mat.

– Eg har laga mat heile livet. For fem år sidan såg faren min ein plakat om juniorkokkane på Geitmyra, og det høyrdest interessant ut. Så då søkte eg, fortel Wiland.

– Eg vart ekstremt overraska

For Wiland er kjøkenet ein stad der han kan kjenne på meistring. Han har tidlegare snakka om kva jobben som juniorkokk har betydd for ham; at han kanskje hadde halde på med dumme ting viss han ikkje hadde vore der.

Prisen som han no har fått, er eit bevis på kor engasjert 17-åringen er. Både for kokkeyrket og for kollegaene sine. At dei skal ha det bra.

– Eg vart ekstremt overraska! Det er ei ære ass, seier Wiland om prisen.

Heidi Austlid, som er dagleg leiar for Geitmyra Juniorkokkar, trekte fram at Wiland gjer ein forskjell i kvardagen, då han i april mottok prisen Årets rollemodell frå Anthonstiftelsen.

– Eg skulle ønske eg hadde ein William i livet på min første jobb. Ein som viste meg ting og lærte meg ting. Ein slik fyr er du! sa ho til han, ifølge ei pressemelding frå Geitmyra.

– Å møte Bill Gates var dritrart

Når vi spør Wiland om kva som er det største han har opplevd, er det vanskeleg å svare berre éin ting. Han nemner å vere gjest hjå Lindmo og å ta over kjøkenet på God morgen Norge. Og å møte Bill Gates.

– Det skjedde på Geitmyra. Då sto det masse vakter der, med pistolar og svarte bilar og alt saman. Å møte Bill Gates var dritrart, seier han.

Han har også servert mat til kongen og laga taco med statsministeren.

Tillit og ansvar

Trass det høge tempoet på jobben, synest Wiland det er gøy å få tillit. Og at det er ei ære å få ansvar.

– Men det er litt skummelt å ha alt ansvaret åleine, legg han til.

– Har det gått gale nokon gong?

– Eg har brent ein del mat, ass. Og kokt ting litt for lenge. Men alle gjer feil, seier Wiland, og fortset:

– Og eg meiner at alt kan verte fiksa!

– Får du mykje kjeft på jobb?

– Ja, men eg set meg ikkje ned og begynner å gråte. Eg klarer å jobbe meg vidare.

– Lyst til å bli god

Wiland går no på vidaregåande, og til hausten blir han kokkelærling. Vi spør kva han har lyst til å gjere i framtida.

– Eg har lyst til å bli god til å lage mat. Og å vere ein god rollemodell. Vise at eg bryr meg om andre, for då bryr dei seg tilbake. Då kan eg lære meir, svarar han.