Nytt tiltak skal førebygge kriminalitet blant gutar

Sosiale møteplassar skal førebygge kriminalitet for gutar og unge menn. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) gir 9 millionar til tiltak i 12 kommunar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det er 22 organisasjonar som får mellom 200.000 og 700.000 kroner. Tiltaka rettar seg mot dei i alderen 12 til 30 år, men hovudfokuset vil vere på tenåringar.

– Regjeringa vil ha ned barne- og ungdomskriminaliteten. Dette er eit ledd i ei større satsing mot ungdomskriminalitet, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna, i ei pressemelding.

Tilskotsordninga skal nå opptil 3000 gutar og unge menn, anslår Imdi.

Målgruppa er dei som står i fare for å hamne i kriminelle miljø, særleg i område der det er registrert aukande ungdomskriminalitet.

Kommunane som får pengar er: Ålesund, Askøy, Bergen, Bærum, Drammen, Gjøvik, Kristiansand, Larvik, Nordre Follo, Oslo, Porsgrunn, Trondheim.