Meiner 90 prosent av alle stillingsannonsar er for dårlege

For vanlege folk kan det vere utfordrande å finne arbeid som passar, men er du derimot superhelt, ninja eller rockestjerne – då bognar det av jobbtilbod.

NPK-Kjell Åsmund Sunde
Publisert

– Det er veldig få som ser på seg sjølv som ein ninja, og viss du gjer det så trur eg eigentleg ikkje det er så mange som faktisk har lyst til å tilsette deg, seier Fredrik Fornes til Nynorsk pressekontor.

Fornes er utdanna journalist, men som han sjølv skriv på nettsida si har han gått over til «the dark side» og arbeider no med marknadsføring.

Både gjennom foredrag og i sosiale medium fortel han på ein humoristisk, men òg tankevekkjande måte om stoda på den norske arbeidsmarknaden. Han går mellom anna hardt ut mot dårleg annonsering, mangelfull leiing og aldersdiskriminering.

Dårlege og ulovlege annonsar

Stillingsannonsane på Finn.no er spekka av flosklar, klisjear og ulovlegheiter. Fornes anslår at om lag 90 prosent av stillingsannonsane på Finn er for dårlege. Nokre er uforståelege, medan andre kan vere direkte ulovlege ut frå måten dei er formulerte på.

– Når ein skriv at ein har eit «ungt arbeidsmiljø» er det aldersdiskriminering. Krev ein «norsk som morsmål» bryt ein lova. Eg kan ikkje forstå at Finn.no ikkje slår ned på denne typen formuleringar, seier Fornes.

Han meiner at ein kan ha heilt framifrå norskkunnskapar utan å ha det som morsmål.

– Det kan sjølvsagt vere ein glipp – og at det dei eigentleg meiner er at «du må beherske norsk», men så kjem det heilt feil ut og ein endar med å bryte lova.

Vil ha fantasifigur

Stillingsannonsane i dag er jamt over prega av likt språk og like formuleringar. Ifølgje Fornes er det truleg utbreidd bruk av klipp og lim. I tillegg er arbeidsgivarar opptekne av å liste opp alt dei kunne ønskje seg i ein arbeidstakar – i staden for å tenkje realistisk.

– Dei endar med ei kravliste som passar ein person som mest sannsynleg ikkje finst. Veldig ofte er òg desse krava sjølvmotseiande. Du skal gjerne ha tak i ein som er både kreativ og analytisk på same tid. Dette er ofte to vidt forskjellige personlegdomstypar, fortel Fredrik Fornes.

Eitt av argumenta Fornes ofte møter når han gjennom sosiale medium arresterer arbeidsgivarar på dårleg annonsering er nettopp at dei har sett opp ei ønskjeliste og ikkje ei kravliste.

– Problemet er at det verkar som ei kravliste. Arbeidsgivar meiner ikkje nødvendigvis at søkjarar skal levere på alt dette, men for oss som les annonsane er det slik det blir framstilt. Folk tolkar krava bokstaveleg – og det øydelegg rett og slett merkevara og omdømmet til ei bedrift. Dei gløymer effekten av at folk er blitt medvitne rundt dette og at folk spreier og deler.

Meir menneskeleg

Fornes meiner dei som lyser ut stillingar må menneskeleggjere heller enn å måle eit glansbilde.

– Den som les skal kunne sjå seg sjølv i rolla. Difor er det dumt å skrive rockestjerne, superhelt og ninja. Ta det ned – skriv om utfordringar og kva som er vanskeleg i denne rolla. Ha gjerne ei positiv vinkling, men skriv òg at her kan det bli hektisk til tider. Så veit folk i større grad kva som møter dei.

Stillingsannonsar skal i utgangspunktet berre gi eit innblikk i korleis det er å arbeide i ei bedrift. Her er det òg mange som syndar, ifølgje marknadsføringsgründer Fornes.

– Det skal ikkje vere ei stillingsskildring – det er ein stillingsannonse. Det verkar som folk trur at alt ein på eit eller anna tidspunkt blir nøydd til å gjere på jobb må vere med i annonsen – sånn er det ikkje. Kort ned kravlista og legg gjerne til nokre punkt om kva de som arbeidsgivar tilbyr. Kutt ut dei openberre krava som at ein skal vere positiv og smilande – alle skjønnar at det ikkje er eit ønskje om ein gretten person på jobb.

Som eit siste tips peikar Fredrik Fornes på at bedrifter på jakt etter arbeidskraft må tilpasse seg dei ein skal nå ut til.

– Vi tilpassar oss målgruppa i all annan kommunikasjon vi gjer. Men i stillingsannonsar er det copy-paste og same tone og stil uansett. Viss du skal ha tak i ein utviklar så snakkar gjerne den personen på ein annan måte enn ein ekstrovert seljar. Dei er opptekne av ulike ting. Tenk på kven som skal søkje og tilpass deg det, avsluttar han.