Britiske miljøaktivistar har samla éin million underskrifter mot Equinor-prosjekt

– Éin million er eit enormt tal, som både Equinor og den britiske regjeringa må ta innover seg, seier kampanjeleiaren.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Equinors Rosebank-felt har blitt sjølve eksempelet på feilslått britisk energipolitikk.

Det seier Lauren MacDonald, kampanjeleiar for Stop Rosebank-kampanjen til Uplift UK i ei pressemelding send ut av deira norske avdeling.

Uplift UK er eit initiativ som skal støtta og styrka bevegelsar for eit rettferdig og fossilfritt Storbritannia.

I går leverte dei underskriftskampanjen til den britiske regjeringa.

Over éin million menneske har skrive under på kampanjen adressert til statsminister Keir Starmer. Dei krev stopp av nye olje- og gassprosjekt i Storbritannia, og nemner spesifikt Equinor sitt Rosebank-prosjekt. Dei vil ha ei rettferdig, fossilfri framtid som inneber ein klår plan og finansiering av overgang til jobbar innan rein energi.

Lauren MacDonald er kampanjeleiar for Stop Rosebank-kampanjen | Foto: Angela Chrisofilou

Underskriftskampanjen vart levert dagen før internasjonale leiarar er samla i London til ein konferanse om energitryggleik i regi av Storbritannia og Det internasjonale energibyrået (IEA). Keir Starmer er venta å leggja mest vekt på fornybar energi.

Høgsterett kravde rapportering av alle utslepp

Det planlagde Rosebank-feltet i Nordsjøen utanfor Shetland kan bli Storbritannias største oljefelt. Equinor er største aktør og eig 80 prosent av feltet, medan israelsk-eigde Ithaca Energy eig dei resterande 20 prosentane.

Forbrukartilsynet opna tidlegare i år ei gransking av Equinor for mogleg brot på openheitslova basert på at moderselskapet til Ithaca Energy, israelske Delek Group, står på FN si liste over verksemder som opererer på okkupert land og har drivstoffavtalar med det israelske militæret. Equinor viser til at Ithaca Energy er britiskregistrert og at dei ikkje samarbeider med eit israelsk selskap, ifølgje Dagbladet.

Tidlegare i år vann organisasjonane Greenpeace og Uplift fram i ein sivil høgsterett i Skottland.

Retten kom fram til at klarsignalet som kom i 2023 til å utvikla det store Rosebank-oljefeltet utanfor Shetland ikkje var lovleg, fordi dei ikkje hadde teke utslepp knytt til forbrenning av olja og gassen som vert henta opp med i rekneskapen. Dommen inkluderer òg eit mindre gassfelt, kalla Jackdaw.

Dommen inneber at Equinor og dei andre selskapa som fekk løyve til utvikling av feltet må rapportera grundigare kring utsleppa, før dei får lov å fortsetja.

Dei britiske aktivistane håpar på ein permanent stopp i planane.

– Planar om eit stort oljefelt, samtidig som Storbritannia oftare blir ramma av ekstremvêr, er uforsvarleg. Éin million menneske har skrive under på oppropet om å ikkje tillate nye olje- og gassprosjekt så me kan satsa vidare på fornybar energi. Éin million er eit enormt tal, som både Equinor og den britiske regjeringa må ta innover seg, seier Lauren MacDonald i pressemeldinga.

Lauren MacDonald er kampanjeleiar for Stop Rosebank-kampanjen hos Uplift UK overleverer underskriftene til vaktpersonell utanfor statsministerbustaden i 10 Downing Street. Foto: David Mirzoeff

Equinor har respekt for motstanden

Pressetalsperson for leiting og produksjon internasjonalt i Equinor, Ola Morten Aanestad, svarar i ein e-post til Framtida.no at Rosebank er eit viktig prosjekt som vil bidra til arbeidsplassar og verdiskaping i Storbritannia, samtidig som det gjev energitryggleik i Europa med lågare CO₂-utslepp enn det som er snittet på britisk sokkel.

– Vi er klar over at det er miljøforkjemparar som ikkje ønsker at det skal utviklast nye olje- og gassfelt, og det har vi respekt for. Equinor utviklar verksemda i tråd med ei balansert energiomstilling, der vi både bidrar med den energien som trengst i dag, samtidig som vi investerer i nye energiløysingar for framtida, skriv han vidare.

Han gjentek at Equinor er glade for rettsavgjerda som fall mot Equinor i januar som let selskapet halda fram med utviklinga av Rosebank-prosjektet medan dei ventar på nye samtykke.

– Oppstart av feltet er forventa i 2026-2027, informerer han.