Politikk og samfunn

«Gi unge arbeid, ikkje skattepengar!»

Det viktigaste vi kan gjere er å få unge inn i arbeid, ikkje å sy puter under armane deira, skriv Tilde Roswall.

Tilde Roswall
Leiar av Asker og Bærum FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag står 100 000 unge utanfor arbeid. I staden for å tenkje «la oss gi unge arbeid» løyser Arbeidarpartiet problemet med å seie: «la oss gi unge skattepengar».

På grunn av høg arbeidsløyse vil Arbeidarpartiet innføre lønn for unge utanfor arbeid. Dette er for å lage eit insentiv til å få fleire til å søkje jobb, men tiltaket skaper ikkje fleire arbeidsplassar. I staden for desse dyre, «billige» løysingane, ville det ikkje vore betre å gjere det lettare for unge å faktisk komme inn i arbeid?

Her er det mange tiltak vi kan ta tak i.

Jobb handlar ikkje berre om inntekt

Problemet med dagens arbeidsmarknad er at det er fleire hundre søkjarar på arbeidsplassane. Mange opplever at utdanninga dei tek ikkje hjelper dei inn i ny jobb, og arbeidsgivarane har ikkje råd til å tilsetje mange av gongen. Dette kan føre til utanforskap, håpløyse for framtida, og i tilfelle gjere vegen til ungdomskriminalitet kortare.

Å ha ein jobb handlar heller ikkje berre om inntekta, men også om å samle erfaring, vere del av eit lag og å bidra til samfunnet. Å «dele ut» millionar av skattepengar til unge utanfor arbeid vil koste mykje pengar, utan å løyse problemet med for få arbeidsplassar.

Frp har ei rekkje forslag for korleis vi skal få fleire inn på arbeidsmarknaden, og det desidert viktigaste vil då vere å skape fleire arbeidsplassar, og å gjere det attraktivt å ha tilsette.

Vil gjere det lettare å ha tilsette

Å skape ein arbeidsplass i Noreg har aldri vore meir risikofylt. I staden for å oppmode gründerar til å etablere bedrifter i Noreg vel regjeringa å skatte i hel bedriftseigarar. I 2024 gjekk 4543 bedrifter konkurs, som kosta enormt med arbeidsplassar, og gjort at endå fleire hamna utanfor arbeid. Frp vil fjerne formuesskatten som er ein særnorsk skatt og ei dobbeltskattlegging som i stor grad rammar bedrifter.

For å ha tilsette må arbeidsgivarar i tillegg betale ei eiga arbeidsgivaravgift som gjer det vanskelegare å tilsetje fleire. For lærlingar er det vanskeleg å få lærlingplass som gjer det vanskeleg å gjennomføre utdanninga i den retninga ein ønskjer. Derfor vil Frp fjerne arbeidsgivaravgifta for å gjere det lettare for arbeidsgivarar å ha tilsette.

Ved å gjere det lettare å starte og drive bedrifter og fjerne skatt for å ha tilsette er mykje gjort. I tillegg vil Frp opne for søndagsopne butikkar som gir ein heil ekstra arbeidsdag for dei som treng det, og la ungdom over 16 selje alkohol og tobakk som gjer det lettare å tilsetje dei.

Det viktigaste vi kan gjere er å få unge inn i arbeid, ikkje å sy puter under armane deira. Alle har eit ansvar om å bidra til samfunnet, og då må vi som land leggje til rette for det.