Sprang over 200 kilometer på 24 timar
Therese Falk sprang 20,3 mil og samla inn 50.000 til Plans Jentefond.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
200 kilometer på 24 timar
Saka var først publisert i Vikebladet.
Therese Falk (39) frå Hareid – no busett i Oslo – sprang 20,3 mil under «Bislett 24-timars» førre helg.
Det gav 50.000 kroner til Plans Jentefond.
LES OGSÅ: – Meir godtatt at jenter trener styrke
Målet var 100 miles
Mange vil kanskje hugse at Therese fortalde om planane sine då ho deltok i Nordvest Maraton på Hareid i sommar. Plans Jentefond gir jenter rundt om i verda sjansen til å utdanne seg ut av fattigdom.
Til bladet Sportsmanden fortel Therese at målet var å springe 100 engelske miles, d.v.s. 16,1 norske mil. Men då dei 24 timane hadde gått var den tilbakelagde distansen på heile 203,549 kilometer. Berre noregsmeisteren i fjor, Edna Leikvoll, hadde lenger distanse blant kvinnene. Ho sprang nesten 20,6 mil.
LES OGSÅ: – 15 timar med smerte
«Hulke-gret»
Therese fortel på Facebook-sida si at ho «hulke-gret» seg gjennom dei 10 siste kilometrane.
På førehand tok Therese kontakt med fleire bedrifter og oppretta ei eiga side der privatpersonar kunne gi pengar.