Yrket mitt: Nelly (25) er postbod

– Mange trur det kan vera litt kjedeleg, men ein møter på mange fine folk og ikkje minst mange dyr, fortel Nelly Smedsrud om jobben som postbod.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Kvar veke legg Nelly Smedsrud ut ein ny TikTok-video der ho testar ulike ting som mat og drikke, kjem med tips og vloggar – eller deler frå kvardagen som postbod.

– Sambuaren min jobba der og eg søkte på open stilling, fortel ho på e-post til framtida.no.

– Beste jobben!

Nelly Smedsrud

Alder: 25

Frå: Drammen

Yrke: Postbod

Utdanning: ferdig utdanna som interiørdesigner (1år fagskule). Studerer no front end og mobil utvikling-bachelor hos Kristiania

Når ho ikkje lagar innhald til sosiale medium, eller deler ut post, studerer ho frontend- og mobilutvikling på Kristiania. Draumen er å kunne jobba i posten så lenge ho studerer, før ho får seg jobb som er meir relevant for studia.

Sidan 2023 har ho hatt jobben i Posten og trivst godt med arbeidskvardagen.

– Det er den beste jobben eg har hatt så langt!

Før ho søkte, tenkte ho at det ville vera ein jobb som passa ho perfekt, der ho kunne køyra rundt åleine.

– Mange trur det kan vera litt kjedeleg, men ein møter på mange fine folk og ikkje minst mange dyr!

@nellysmedsrud Hvordan en dag i Posten kan se ut som 🥰 #postbud #posten #jobbeiposten #postenjob #fyp ♬ Young Free and Single – Frank Jade

 

På morgonen sorterer ein si eiga rute, og då står ein som regel med andre kollegaar som gjer det same, fortel ho.

– Så køyrer ein ut og leverer, og kanskje er ein heldig og møter på nokre søte dyr.

Sjølv synest ho det er noko av det beste med jobben, å møte kattar og hundar på ruta.

– Eg må alltid stoppe å gi dei litt kos.

@nellysmedsrud Kort innblikk i en dag som Postbud 📨📮✉️ #posten #jobbeiposten #fyp ♬ TY FOR USING MY SOUND – ໒꒰ྀི ๑ ´ ˘ ` ू ꒱ྀིაᰔᩚ܀∘˚🎀🫧🍭

– Kva er det mest utfordrande?

– Det å køyra rett til tider! Eg er ofte på forskjellige ruter, så GPS kan vera litt vrang. Og å prøve å ikkje trakka i hundebæsj!

Ho meiner yrket passar for dei aller fleste, så lenge ein har lappen.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det at eg kan levera post til kjente profilar!

På grunn av taushetsplikta kan ho ikkje nemne navn, men seier det var stas å sjå eit kjent namn på pakken ho skulle levere ein gong.

– Det er ganske ofte når ein jobbar seint med å levere pakkar at ein treng ein signatur, så då fekk eg møtt personen i tillegg!