«Solarium: ein snarveg til hudkreft, seld som luksus»
Det er på høg tid at vi byrjar å sjå på solarium på lik linje med alkohol og røyking – som ein trussel mot folkehelsa, meiner Lilav Ali.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg sette foten på bussen, og det første som møter blikket mitt, er ein reklame frå Brun og Blid som lyder følgjande:
«Når vinteren er mørkest, skinner solen her» – ein invitasjon til å legge seg i eit solarium og steike huda under kunstige UV-strålar, som vi veit framkallar kreft.
Eg må ærleg innrømme at eg spurde meg sjølv korleis det i det heile tatt er lov.
Brun og Blid eig ikkje skam – eg blei mildt sagt sjokkert og forbanna.
Vi forbyr reklame for tobakk og alkohol i Noreg, fordi vi veit at det skadar helsa.
Men solarium? Det får lyse opp bussen, trikken og t-bana, som om det er heilt ufarleg – som om det er ein reklame for ein uskuldig massasje.

350 dødsfall årleg
For sanninga er at solarium er langt frå uskuldig og ufarleg. Vi veit at 1 000 tilfelle av hudkreft kunne vore unngått årleg dersom ingen brukte solarium.
Det oppstår 350 dødsfall årleg som følgje av hudkreft. Brun og Blids reklame er meir enn berre irriterande – han er livsfarlig.
Vi har forbod mot reklame for tobakk og alkohol i Noreg.
Kvifor? Fordi vi veit at desse produkta tar liv.
Men realiteten er at hudkreft tar nesten like mange liv som alkoholrelaterte sjukdommar. Tal frå Sykepleien viser at i 2022 var det 395 alkoholrelaterte dødsfall.
Likevel får solariumsindustrien fritt spelerom til å promotere seg sjølv.

Solarium er langt frå uskuldig og ufarleg

Verdas helseorganisasjon har plassert UV-stråling frå solarium i same kategori som asbest og sigarettrøyk – gruppe 1, sikkert kreftframkallande. Det betyr at forskinga er like sikker på at UV-stråling er kreftframkallande som som sigarettrøyk og asbest.
Forsking viser at bruk av solarium før fylte 35 år aukar risikoen for føflekkreft med heile 59 prosent.
Trass i dette får Brun og Blid og andre solariumsaktørar lov til å lyse opp bybiletet med sine glansande løfte om brun hud midt på vinteren, når vi er aller mest sårbare.
Veit kva dei sel: – Kynisk
Brun og Blid veit kva dei sel. Dei veit at solarium er direkte farleg. Likevel held dei fram å pakke det inn som ein uskuldig luksus.
Dette er kynisk, og vi må stille spørsmål ved kva slags ansvar ein så stor industri har for helsa til forbrukarane sine.
Sjølv om det er lett å peike på enkeltpersonar som «skuldige» ved å velje solarium, er det viktig å hugse at dette valet ikkje skjer i eit vakuum.
Mange blir påverka av det vestlege samfunnets påtrengande skjønnheitsideal – der det å vere brun er eit mål på skjønnheit.
Når industrien marknadsfører tenestene sine med løfte om perfekt brun hud, spesielt på vinteren når mange føler seg bleike og deppa, spelar dei på usikkerheita vår.
Når dei sel «løysinga» på denne usikkerheita i form av kunstig soling, utnyttar dei menneskes desperasjon og lengsel etter å passe inn.

Brun og Blids reklame er meir enn berre irriterande – han er livsfarleg

Kollektivselskapa vel å godta desse reklamane. Dei tar betalt for å spreie ein bodskap som normaliserer bruk av solarium, trass i at helsemyndigheitene åtvarar mot det.
Det er på høg tid at vi byrjar å sjå på solarium på lik linje med alkohol og røyking – som ein trussel mot folkehelsa.
Kvifor tillèt vi at solariumsindustrien får bruke offentlege rom til å promotere slike helseskadelege produkt?
Og kvifor sit styresmaktene stille i båten? Dagens lovverk er ikkje godt nok.
Sjølv om Kreftforeningen lenge har kjempa for ei strengare regulering av solariumsindustrien, har ingenting blitt gjort.
Totalforbod mot solarium
For å setje dette i perspektiv: Australia, eit land med langt sterkare sollys enn vårt, innførte eit totalforbod mot solariumsbruk for å beskytte folkehelsa. Dette viser at handling er mogleg, uavhengig av klima, og at solariumsbruk utgjer ein global helsefare.
I Noreg, som ligg på verdstoppen i døydelegheit av hudkreft, burde vi lære av Australias tilnærming og ta grep før fleire liv går tapt. Vi er heile ti år bak Australia. Det er på høg tid å setje ei grense.
Vi kan ikkje fortsetje å la pengegriske aktørar selje hudkreft til oss medan vi ventar på bussen.
Vi kan ikkje tillate at helseskadelege produkt får skine i bybiletet som noko uskuldig. Desse aktørane må ikkje tru at vi berre skal sitje og sjå på medan Noreg ligg på verdstoppen i antal hudkrefttilfelle.
Viss vi verkeleg meiner alvor med folkehelse, er det på tide å forby reklame for solarium.
Liva våre står på spel!