Politikk og samfunn

«Vi sagar av penis i solidaritet!»

Eg meinte sjølvsagt ikkje det du las i overskrifta. Det eg eigentleg vil seie er at du kan skape endring ved å bruke stemma di og ved å gjere fleire solidariske handlingar – som å gå i 8. mars-toget, skriv leiaren av Operasjon Dagsverk.

Bjørn Andreas Gundersen
Leiar Operasjon Dagsverk
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.

Det går jo an å hente sperma ut frå testiklane i staden? Eller så kan ein også samle opp eit lager før ein kuttar den vekk og frys det i ein gigantisk spermbank. Penisen skapar berre tull og utruskap i ekteskapet uansett – bort med den! Då kan kvinner og menn leve i harmoni, og framleis ha moglegheit til å bringe arten vår vidare. «Men det er jo ulovleg, korleis skal vi gjennomføre det?» tenker du kanskje. Eg kjenner ein snikkar i Sverige som har sagt seg villig, og han har utstyret i bilen alt.

Denne tanken er jo heilt sjuk. Men om vi snur om på dette scenarioet, er det – sett veldig på spissen – realiteten for jenter i Kenya og Tanzania.

I dag er det kvinnedagen, og vi ønsker å rette søkelyset mot denne praksisen og dei som står opp mot han.

Elevane har talt!

Denne veka gjekk Elevtinget (Elevorganisasjonens landsmøte) av stabelen. Om lag 600 elevar var samla for å diskutere og vedta viktig skulepolitikk.

Måndagen på Elevtinget blir ofte omtalt som Operasjon Dagsverks dag, fordi ein i løpet av dagen snakkar om ODs arbeid, gir statusrapport frå tidlegare prosjekt, og kanskje viktigast av alt; vel årets OD-prosjekt.

Under prosjektvalet stod tre kandidatar klare til å ta talarstolen, med håp om å få tilliten til elevar frå alle landets krikar og krokar.

Ei forsamling i sjokk

I løpet av valet kunne elevane stille spørsmål til dei tre kandidatane som stod til val om å bli årets OD-prosjekt. Ein av prosjektkandidatane fekk då spørsmålet: «Kva er omskjering av jenter?»

Det var musestille idet representanten frå FOKUS gjekk opp. Heile salen hadde no auga planta på talarstolen.

For kva inneber eigentleg omskjering av jenter i Aust-Afrika? Prosjektkandidaten forklarte i detalj:

– Omskjering av jenter, som ofte blir kalla kjønnslemlesting, omfattar alle inngrep som inneber delvis eller fullstendig fjerning av ytre kvinnelege kjønnsorgan, utan nokon medisinsk grunn. Dette blir rekna som tortur, og blir ofte gjort med barberblad eller kniv under veldig uhygieniske forhold, noko som kan føre til alvorlege blødingar, infeksjonar eller i verste fall død, informerer Borghild Berge.

Det gjekk eit grøss nedover ryggen på alle i salen, og vi kunne høyre elevane vri seg om i stolane sine. Det breidde seg eit alvor, og ein kunne føle stemninga på Elevtinget skifte.

To timar seinare var valresultatet klinkande klart. Det var ingen tvil frå elevanes side. I år står vi saman mot barneekteskap og omskjering av jenter i Kenya og Tanzania!

På grensa til galskap

Både barneekteskap og ufrivillig omskjering er ulovleg i Kenya og Tanzania, men årelange lokale tradisjonar set framleis unge jenters liv i fare. Desse tradisjonane er så sterke at jenter blir tatt over grensa mellom landa for å utføre inngrepa, slik at dei ikkje kan bli straffedømte i eige land. I mange kulturar blir desse inngrepa sett på som nødvendige, og som ein del av førebuingane til ekteskap, men er i realiteten ingenting anna enn livstruande tortur.

For dei fleste av oss går det nesten ikkje an å førestille seg korleis det må vere å gå gjennom ein slik praksis. Spesielt med tanke på at det er foreldra deira som bestemmer dette for dei, dei som eigentleg skal gi dei omsorg og tryggleik. Grunnen til at foreldra gjer dette er fordi dei elles vil bli utsette for hets og skam – men dette kan vi gjere noko med.

Ungdomsaktivistane i Kenya og Tanzania jobbar med å spreie kunnskap til andre ungdommar og deira familiar, slik at fleire jenter som er i faresona skal sleppe unna den skjebnen. For det er ikkje berre det fysiske det går utover. Ein mistar tilliten til menneske rundt seg, og trauma blir ofte ikkje behandla. Årets OD-prosjekt skal stå saman med ungdomsaktivistane i prosjektlanda, og fjerne rota til problemet.

Du kan bidra til varig endring

Eg meinte sjølvsagt ikkje det du las i overskrifta og innleiinga til dette innlegget. Det eg eigentleg vil seie er at du kan skape endring ved å bruke stemma di og ved å gjere fleire solidariske handlingar – som å gå i 8. mars-toget, og som å ta del i Operasjon Dagsverk.

For viss vi alle samlar oss og står opp mot denne skadelege skikken, kan vi klare å avskaffe torturen éin gong for alle.