Les deg opp på nokre av dei viktigaste sakene frå den siste veka!

Les deg opp på nokre av dei viktigaste sakene frå den siste veka!
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Denne veka har USA varsla at dei vil stansa både våpenleveransar og etterretningshjelp til Ukraina.
Beskjeden kom etter Donald Trump og Volodymyr Zelenskyj møttest i Det kvite huset førre veke. Videoopptak frå møtet, som skulle handla om ein mineralavtale mellom USA og Ukraina, har gått verda over. Møtet enda i munnhoggeri mellom partane, der Trump skulda Zelenskyj for å «gambla med tredje verdskrig».
I kjølvatnet av møtet seier Donald Trump at han har fått eit brev frå Zelenskyj der han seier at Ukraina er klare for å koma til forhandlingsbordet om ein fredsavtale med Russland og mineralavtale med USA.
Personar nær Trump skal òg ha hatt samtalar med opposisjonen i Ukraina, ifølgje Politico. Samtalane skal ha handla om Ukraina kan halda nyval. Zelenskyj sin presidentperiode er eigentleg gått ut, men på grunn av krigen tillèt ikkje grunnlova å gjennomføra val. Ekspertar meiner eit slikt val vil gagna Russland.
Måndag braut det ut opprør i den store flyktningleiren Kakuma i Kenya. Ifølgje The Guardian vart det brukt tåregass mot demonstrantane. Fire flyktningar og ein lokal embetsmann skal ha vorte skadd.
Flyktningane hadde fått beskjed om at matrasjonane vart kutta til 40 prosent av minimumsrasjonane, som følgje av USA sin naudhjelpsstans.
Flyktningleiren Kakuma i Kenya har 300 000 flyktningar der majoriteten kjem frå Sør-Sudan, men òg Somalia, Kongo og Etiopia.
Verdas matvareprogram har fått halvert budsjettet etter at USA fraus all internasjonal naudhjelp og må stengja kontoret sitt i Sør-Afrika.
Òg i Bangladesh har organisasjonen måtta kutta rasjonane til rohingya-flyktningane, som går frå 12,5 dollar til 6 dollar per person neste månad, ifølgje Reuters.
Denne veka leverte Sivilombodet ei melding til Stortinget om isolasjon i norske fengsel.
Ifølgje rapporten sit mange innsette isolert på cella 19–22 timar i døgnet på grunn av mangel på skule- eller arbeidstilbod, få tilsette og lite eigna fellesareal.
Sivilombod Hanne Harlem er uroa for situasjonen, som har blitt verre etter førre melding i 2019. Ho slår fast at innsette bør opphalda seg minst åtte timar dagleg utanfor cella med aktivitet og sosial kontakt.
– Dette er ein internasjonal minstestandard som det er openbert at Noreg bør oppfylla, seier ho i ei pressemelding.
Sivilombodet har gjennomført uvarsla tilsyn med ti fengsel og hatt samtalar med 200 innsette og 230 tilsette.
Denne veka fekk Naturvernforbundet og Natur og Ungdom medhald i Efta-domstolen i Luxemburg i saka om gruvedumping i Førdefjorden.
Dommen slår fast at reint økonomiske omsyn ikkje er god nok grunn til forureining i det omfanget staten har opna for.
Nordic Mining har fått løyve til å dumpe inntil 170 millionar tonn gruveavfall frå Engebøfjellet i Førdefjorden.
Miljøorganisasjonane tapte saka mot staten i Oslo tingrett i fjor, men anka saka.
Dommen frå Efta-domstolen er ikkje juridisk bindande, men kan verta viktig for saka vidare.
– Me ser no fram til at Borgarting lagmannsrett legg Efta-dommen til grunn i ankesaka i juni, at tillatinga til utslepp av gruveavfall blir kjent ugyldig og deretter trekt, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i ei pressemelding.
Ein forskingsrapport publisert i tidsskriftet The Lancet åtvarar om at over halvparten av verdas vaksne og ein tredel av barn og unge kan vera overvektige eller ha fedme i 2050.
Det kan dreia seg om 3,8 milliardar vaksne og 746 millionar barn og unge, ifølgje VG.
Professor Emmanuela Gakidou ved University of Washington leia studien og kallar den globale epidemien av overvekt og fedme «ei djup tragedie og ein monumental samfunnssvikt».
Forskarane er spesielt uroa for situasjonen i låg- og mellominntektsland, som ikkje har helsetenester som kan takla sjukdommar som følgjer med fedme og overvekt. Det er forventa 250 prosent auke i personar med fedme og overvekt i Afrika sør for Sahara innan 2050.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har bestemt at dei fleste eksamenar skal vera gjennomført innan 17. mai til neste år.
– No blir det så fullt av eksamenar i mai, at det blir klokt å ta russefeiringa når eksamen er ferdig, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NTB.
Skriftleg hovudmålseksamen for Vg3 kan kome så tidleg som første veka i mai. Det kan likevel verta nokre eksamenar etter 17. mai, noko Utdanningsdirektoratet og fylkeskommunen må bli einige om.
Utdanningsdirektoratet har vore skeptisk til flyttinga, då det kan gå ut over undervisningstimane til elevane og arbeidstida til lærarane ved inngangen av året. KS, Utdanningsforbundet og Skolelederforbundet har òg vore kritiske.