«Vi vil ha fleire karakterar»
Karakterar på vidaregåande skule kan kome som eit sjokk. Me elevar treng hyppigare og meir rettvis undervegsvurdering, meiner Anita Lund (16).

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg starta på vidaregåande i haust og gleda meg masse – mellom anna til å få karakterar. Overraskinga var stor då eg skjønte at me berre kom til å få karakterar ein gong i halvåret.
Då eg skrolla nedover lista med fag, merka eg fort kor sjokkerande mange av vurderingane kom på meg. Det var verken fordi dei var særskild høge eller låge, men rett og slett fordi eg ikkje visste kva eg kunne rekne med. I fleire fag var det den første peikepinnen eg hadde fått på korleis eg låg an. Det burde ikkje vere stoda.
Mister makt til å gjere noko
Eg skjønar no kor lita innsikt eg har hatt i min eigen kompetanse i haust.
Utan vurderingar med tal sit eg som elev med så liten kontroll at eg mistar makta til å gjere noko med min eigen situasjon.
Eg vert nærast leia framåt i blinde heilt til karakteren kjem som eit sjokk.
Denne uvissa gjer det òg vanskeleg for meg som elev å sjå kva som faktisk spelar inn i vurderinga. Med få konkrete resultat å vise til, er det lett å (mis)tenkje at forholdet mellom lærar og elev får for stor plass i sluttvurderinga.
Treng fleire talkarakterar
Etter snart fire år på ein skule med karaktersystem har eg alt for ofte høyrd om elevar som føler at læraren ikkje likar dei, og at dette verkar inn på vurderinga dei får.
Men når ein ikkje har undervegskarakterar å vise til, vert det vanskeleg å prove verken det eine eller det andre.
Kor som er, ein sit med ei kjensle av urettvise i karaktersettinga, og då mister ein fort motivasjonen for å jobbe hardt med faget framover.
Difor treng me fleire undervegsvurderingar med talkarakterar. Med betre innsikt i korleis me ligg an vil vi elevar verte meir motiverte og opplagde til å jobbe med skulen. Me vil ta meir ansvar for eigen prestasjon når me slepp å oppleve store overraskingar som påverkar motivasjonen negativt.