Operasjon Dagsverk i år skal støtte kampen for rettane til jenter i Aust-Afrika

Pengane frå Operasjon Dagsverk vil i år bli tildelt kampen mot barneekteskap og omskjering av jenter i Kenya og Tanzania.

NPK-NTB
Publisert

Ungdom i Noreg skal støtte ungdom i Aust-Afrika, i kampen for rettane til jenter. Det har elevar over heile landet stemt fram på Elevtinget 2025, opplyser Operasjon Dagsverk i ei pressemelding.

Saman med Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (Fokus) og lokale organisasjonar, skal Operasjon Dagsverk bidra til å gi jenter vern, spreie kunnskap og skape trygge arenaer der ungdom sjølv leier kampen for forandring.

– Ungdom i Noreg har i dag heva stemma si. Dei har teke eit tydeleg standpunkt mot tortur og menneskerettsbrot, og for eit tryggare Kenya og Tanzania. Elevar ved norske skular har vist at dei vil ta opp kampen mot omskjering og barneekteskap éin gong for alle, seier leiar Bjørn Andreas Gundersen i Operasjon Dagsverk.

– Det er heilt fantastisk at norsk ungdom vel å stå opp for jenter sin fridom saman med ungdom i Kenya og Tanzania, i ei tid då rettane til kvinner og jenter er under sterkt press globalt, seier Borghild Berge, senior programrådgivar i Fokus.

Kvart år blir det valt eit nytt Operasjon Dagsverk-prosjekt, som blir til ein kampanje, med tilhøyrande undervisningsressursar til skulane.