Å finne den rette i studietida

Har Trondheims kjærestegaranti slått deg midt i fleisen?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aukar krava med korttidssex

Ein virvelvind av ein fotograf har fått oss med på speeddating i Bodegaen på Studentersamfundet ein fredag kveld, og eg har gløymd alle mine sleipaste sjekkereplikkar. Eventuelt så har eg aldri lært nokon.

— Det er litt flaut å vere her, spesielt om folk trur du er veldig seriøs og desperat. Vi er her mest av nysgjerrigheit og for å ha prøvd det, fortel venninne Ingeborg og Marit.

Dei har gjort seg umake med å sjå pene ut, utan å vere ho som har gått for langt. Det same gjeld gutane, det osar diskré av alle saman. Fotografen er frampå att og spør om korleis han skal få tatt eit bilete av jentene.

— Det skadar aldri å gi ein kompliment!

Når eg helser på den sjette, kjekke guten under speeddatinga slår det meg at dei alle har vore hyggelege og interessert i snakke. Fleire har kryssa av dei store rutene på kjæraste-emne-lista mi. Men kjem eg til å hugse eit einaste namn i morgon? Nei. Og det er ingen øl å skylde på. Med alle dei gode vala der ute, kvifor er det nett han med litt teit, glissent skjegg i fysikkfaget mitt eg vil ha?

LES OGSÅ: Sex har aldri sett slik ut

Kokainlignende rus
Ifølgje Studentenes helse- og trivelsundersøking 2014 har halvparten av norske studentar kjæraste. For mange inneheld studietida mykje flørting og sjekking, og for mange startar også eit livslangt forhold i denne perioden.

— Få forelskingar skjer spontant. Felles for begge kjønn er at ein ønskjer nokon som er forståingsfulle, og felles humor er viktig, seier Gina Skjærvø.

Ho er overingeniør og forskar på human adferdsbiologi. På kontoret hennar ved Institutt for biologi ved NTNU prøver ho å gi svar på kva forelsking er.

— Når ein blir forelska produserer kroppen dopamin, eit lykkestoff som gir ein kokainliknande rus, samt serotonin. Ein er gladare enn vanleg når ein er forelska. Ingen er heilt rett for nokon, så ein treng å vere blind for den andre sine manglar i starten, seier ho.

LES OGSÅ: Aseksuelle «Håvard» (19) tenkjer aldri på nakne jenter

Evolusjon
Forelsking er ei pardanningsmekanisme, og er ei av føresetnadane for evolusjon. Den er starten på eit forhold som, reint biologisk, har born som hovudpoeng.

— Forelskinga varar om lag like lenge som det tek å unnfange eit born til det kan klare seg med berre ein omsorgsperson. Det er maksimalt tre år, fortel Skjærvø.

Etter kvart blomar parbindingshormonet oxcytocin opp. Det gjer at vi får lyst å vere saman og knyt oss til kvarandre.

— Menn og kvinner har eit felles mål: Reproduksjon. Men vi har ulike strategiar for å nå dette målet. Derfor er det ein evig kamp mellom kjønna, meiner Skjervø.

Ho presiserer at det óg er andre biologiske faktorar som spelar inn på kven vi blir tiltrekt av. Likar du lukta av nokon, betyr det at dei har gener som er forskjellige frå dine. Slik får ein born med sterkare immunsystem. Men bruker du p-piller, blir du derimot tiltrekt av genar som liknar på dine eigne. Dette har Skjærvø planar om å forske vidare på.

— Det hadde vore kult å gjere forsking som fører til at det i framtida står «fare for sjuke born» under biverknader på p-pillar, seier Skjærvø, som klør i fingrane etter å finne ut av dette.

LES OGSÅ: Splitta kvinner – splitta sex

Fantastisk forelsking
På kafé i Trondheim sentrum sit ein nitten år gammal gut og har kasta seg ut i det å snakke om kjærleik. Mathias Robertstad har aldri hatt kjæraste før. Men som dei fleste av oss har han vore forelska.

— Eg får ei kjensle at ho eg ser forelska i sit fast inne i hovudet mitt. Ho ligg i tankjane mine heile tia, og eg håper på ein moglegheit til å ta kontakt eller at ho skal gjere det, søkjer opp plassane ho er på og sånt.

Mathias veit godt kven som var hans største forelsking: Gut møter jente ein sumar, dei snakkar saman, blir kjent, forelskar seg.

— Forelskinga var fantastisk. Ettersom eg vart betre og betre kjent med ho såg eg kva for eit fantastisk menneske ho var. Kvar gong eg kunne sjå eit smil på den personen fekk eg ei inderleg god kjensle.

LES OGSÅ: Å prøva grenser på nett kan vera bra

Redd utan kjærast
Det er vanskeleg å få han til å skildre jenta meir, så vi ender opp med å snakke om kva han ser etter i ein potensiell kjærast. Det er inga lang liste: Ho må vere genuint hyggeleg.

— Elles varierer det veldig, men eg må ha nokre likskapar med ho. Eg må kunne sjå at dette er ein person eg kan stole på, men ofte er eg open for mykje.

Mathias beskriver kor vanskeleg det kan vere å føle seg som den einaste i gjengen utan eit forhold.

— Alle kameratane min hadde kjærast på eit eller anna tidspunkt. Ein periode laug eg om at eg hadde eit forhold, for å sleppe å innrømme det. Eg følte at eg var annleis, og var redd eg var dårlegare enn alle andre.

Når samtalen dreiar over på forhold, slit han litt med å svare, og tyr oftare til kaffikoppen. Men han trur ein må jobbe for å oppretthalde forelskinga.

— Eg ser på meg sjølv som ein liten romantikar. Ein kan ikkje berre sei at no har eg skaffa meg ei jente så no kan berre leggje meg på sofaen resten av forholdet.

LES OGSÅ: Gitar i handa gjer menn meir attraktive

Ei tvangsliding
Ifølgje professor i psykologi Leif Edward Ottesen Kennair ved NTNU, er ikkje måten Mathias opplever ei forelsking på uvanleg. Forelsking er nemleg det at ein fokuserer på ein person framfor alle andre.

– Nokre av dei endringane vi ser liknar på tvangslidingar. Ein blir overopptatt av den eine, og mindre opptatt av andre ting. Det endrar óg evalueringa di av personen. I går kunne du tenkt at han var en skivtstøvel, i dag er han bare misforstått.

Kennair seier at det er mogleg å sjå fellestrekk på kven vi fell for på tvers av kulturar. Timeglas- eller V-formen er fellesnemnarar, samt jentenes fertilitet.

– Generelt sett er det slik at jenta si status har mindre å seie for gutar, ho søte nabojenta er ofte vanvitig tiltrekkjande. For jenter er status mykje viktigare. Rikdom, pengar, makt og merksemd er kraftige afrodisiak, meiner Kennair.

LES OGSÅ: – Sikrare sex med vår verbbøying

— Gutar knullar alt
Kennair har gjort mykje forsking på kven vi har korttidssex med. Det viser seg, overraskande, men stereotypisk, at jenter sikter oppover på dei kjekkaste typane dei ser, mens gutar er mindre kresne.

— Gutane stiller låge krav, ofte berre puls og kjønn. Jenter knullar oppover, mens gutar knullar alt, seier Kennair.

Journalisten blir automatisk litt redd for kjønnssjukdomar, graviditetar og såra kjensler. Men ifølge Kennair er det eit større problem at jenter vurderer eigen partnarverdi etter kven dei har draget på.

— Det er stort misforhold mellom kven ein har draget på når ein tilbyr sex og når ein vil ha eit langtidsforhold. Fordi jenta aukar sine krav på bakgrunn av kven ho har one-night-stands med, blir det eit misforhold mellom kven ho vil ha og kven ho faktisk har sjanse på, seier han.

I regelen vel vi ein kjærast med om lag same partnarverdi som oss sjølve.

— Det løner seg for ein gut å investere i ei jente med høg partnarverdi. Men det løner seg også å ha sex med så mange andre som mogleg, for å spreie genane sine. Det er klart at mannen bør satse noko på kvalitet også, ikkje berre kvantitet, meiner Kennair.

Hjartesorg
Det er alltid en risiko å opne seg for nokon. Dei fleste veit godt korleis det kjennes å vere vonbroten og trist når eit forhold tek slutt. Laurdagsrådet på NRK P3 si eiga Siri Kristiansen har ein god filosofi: Alle bør få oppleve den altoppslukande forelskinga, men alle bør også få hjarte sitt knust. Det er ikkje så mange av dei som held saman frå 14-årsalderen og er lukkelege med det.

— Det er litt flaks og litt at ein gror inn i rett roller. Men enkelte har ikkje behov for spenninga som kjem med korttidssex og trivs best med å vere forplikta. Når to slike møter kvarandre er det ikkje så sannsynleg at dei kjem til å slå opp, seier Kennair.

Han har óg ein teori om kvifor det er så utruleg vondt å bli dumpa. Utgangspunktet er at kjærasten ein har til ei kvar tid er den beste ein kan skaffe seg som heller ikkje får seg noko betre.

— Når du blir dumpa er det eit uttrykk for evaluering, den andre har tenkt at «eg kan få noko betre enn deg». Du er rett og slett blitt valt bort og har tapt i livets store lotteri.

LES OGSÅ: – Større aksept for sexleketøy

Studentlove1

PERMANENT FORHOLD: Marek Jasinski og Renée Davadi har nett kjøpt leilegheit saman og har planar om å gifte seg. Foto: Eirik Åsheim

Forholdet
Ifølgje ein rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning frå 2011, bur fire av ti studentar i lag med ein kjærast. Marek Jasiniski og Renée Davadi har vore i lag i to år, og har nett kjøpt husvære saman. Han studerer samfunnsøkonomi, ho er nyutdanna sosionom.

— Vi er akkurat like klengete. Eg har ikkje følt noko behov for aleinetid etter at eg vart i lag med Renée. Å vere saman er normaltilstanden, seier Marek.

Dei to kjærastane sit på kvar si ende av stuebordet, og synst det er litt rart å svare på spørsmål om forholdet sitt.

På trass av biologien sin brutale dom over sjansane til å finne ekte kjærleik, er det vanskeleg å slutte å tru at det er mogleg. Det er ein lang veg frå speeddating på Samfundet til det som Marek og Renée beskriv, men samstundes får ein heile tida høyre at det finnest nokon der ute for alle.

Kennair legg ut om psykologen Robert Sternbergs teori om kjærleik. Han meiner at den byggjer på tre grunnverdiar: Lidenskap, intimitet og forplikting. Når alle desse er oppfylte kallar han det fullbyrda kjærleik.

— Ettersom ein finn si rolle i vaksensamfunnet, finn ein også ein livsledsagar som har den optimale rolla i forhold til seg sjølv. Det er ein nokså klar seleksjon her, vi får ikkje born med kven som helst.

LES OGSÅ:Hett på nett

Meir enn forelsking
Kjærasteparet Renée og Marek har begge fleire andre forhold bak seg, men ingen som kan samanliknast med det dei to har saman. Dei er samde om at timing er viktig, det er ikkje likegyldig når ein møter den andre.

— Om eg hadde møtt Renée som tenåring hadde eg ikkje vore moden nok for ho, seier Marek, og ser lattermildt tilbake på sitt yngre eg.

Mannen som seier dette er ein velkledd, rolig 27-åring, trygg på seg sjølv og vala sine. Renée har same syn på saka.

— Eg trur ikkje eg hadde satt pris på Marek på den måten han fortener om eg hadde møtt han tidlegare, seier ho.

Dei har vore saman omtrent kvar dag sidan dei vart i lag, med unntak av Renée si ein månad lange utveksling til India.

— Vi har vore heldige å finne ein besteven i kvarandre. Det går bra å vere frå kvarandre, men vi er nok litt avhengige, seier Renée og smiler til Marek. Ho presiserer at sjølv om dei kanskje er litt avhengige, så er det berre positivt.

Dei bygg kvarandre opp, og støttar seg på kvarandre. Det er ikkje vanskeleg å sjå kor samansveisa dei er.

— Eg er aldri aleine om noko. Har ho eit problem, er det like mykje mitt problem. Oppturane og nedturane er felles, forklarer Marek.

LES OGSÅ: Jenta som blei bestefar

Godhjarta krangling

Dei liknar nesten litt på kvarandre, med same fakter og fargar. Sjølv om dei er samde om det meste dei seier til oss, blir Renée nesten litt flau over Marek sine små kjærleikslerklæringar.

— Som bestevener kan ein seie ting direkte. Vi har begge sterke meiningar, men er ikkje sårande. Det er greitt å vere humoristisk når ein kranglar, men ikkje spydig, seier Marek.

Dei fleste prøvar og feilar ein del gonger før dei finn «den rette». Marek og Renée forklarar kva som skil deira forhold frå tidlegare forhold.

— Vi har lært kvarandre å kjenne, så eg blir aldri fornærma. Sjølv om vi kranglar, kjenst det aldri som det er i ferd med å bli slutt. Det er godhjarta krangling, seier Renée, medan Marek nikkar i semje.

Renée håpar at forholdet vil vare livet ut. Ho er oppteken av at det skal vere «no bullshit», og begge verkar veldig sikre på at dei høyrer saman. Det er ingen teikn til kalde føter hos dette paret.

— Når ein skal leve i lag, er det kvardagen som er det viktigaste. Ein går på jobb, kjem heim, et, legg seg, og så gjentek ein det. Då er det viktig å ha ein partnar som også er ein besteven, seier Marek.

Sjølv om dei er veldig nøgd med å vere i lag, poengterar dei at det ikkje er noko mål i seg sjølv å vere i eit forhold.

— Ein burde ikkje vere saman med nokon for ein kvar pris. Du må kunne svare umiddelbart og positivt på spørsmålet «gjer denne personen meg lukkeleg?», seier Marek.

Studentlove3

FORELSKINGA: Leif Kennair er eining med biologen: Ein må omgås folk og bli kjent med dei for å bli forelska. Foto: Eirik Åsheim

LES SAKA PÅ DUSKEN.NO!