Jenta som vart bestefar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For vel ti år sidan vart han diagnostisert som transseksuell ved Gender Identity Disorder-klinikken (GID-klinikken) på Rikshospitalet. Diagnosen opna døra for at han kunne få kirurgisk hjelp til å endre kroppen. 

– Det er mange som seier at dei er «fødd i feil kropp». Det synest eg blir feil. For meg er det meir rett å sei at ein ikkje føler seg vel i den kroppen ein er fødd med. Men kroppen kan tilpassast. For nokre er det kanskje nok å kle seg annleis. Andre treng hormonbehandling og kirurgisk hjelp. 

– Nokon vil kanskje innvende at det er svært unaturleg å bruke hormon og kirurgi for å tilpasse kroppen?
– Nokon meiner også at homofili er unaturleg, men homoseksualitet finst i naturen og er slik sett ein del av skaparverket. Transkjønn er også ein del av mangfaldet i naturen, seier han. 

Ikkje "moderne påfunn"
–  Det er godt dokumentert at det har funnest transkjønna folk lenge og i mange kulturar. Men det er først i nyare tid at det går an å endre kroppen meir i tråd med korleis du opplever at du er. I dag får eg lov til å vere den eg er, og får heite det eg heiter. Det er ikkje sunt å ikkje få lov til å vere seg sjølv. Når eg får vere Stein, er eg ein hyggelegare fyr for dei rundt meg òg, seier han.

På morssida har Stein bakgrunn frå ei skogeigarslekt i Nes, og dei første barneåra budde han i Hallingdal. Far hans var frå Oslo og jobba som elektroingeniør i Oslo Lysverker. Han var med på oppbygginga av fleire av dei store kraftanlegga på 1950- og -60-talet. Familien var med på flyttelasset etter som arbeidsoppgåvene flytta seg for elektroingeniøren. Etter ein periode ved Hol I-anlegget i Hovet, flytta familien til Fossheim pensjonat på Ulsåk i Hemsedal. Der budde dei til lysverket hadde bygd ferdig tenestebustadene på Harahaugen ved Hjelmen.

I dag er det lenge sidan Stein har hatt fast adresse i Hallingdal. Faren var sjuk, og då han var knapt 40 år, døydde han. Då hadde familien flytta inn hjå gommo og goffa i Nystugu i Gamle Nes. Der budde Stein frå han var 7 til 11 år, før han flytta vidare til Voss, saman med mora og søstera. I 1973 reiste han til Bergen for å starte på gymnaset. Mesteparten av vaksenlivet har han budd i vestlandshovudstaden.

– Eg har budd mange stader i Hallingdal. I Hemsedal var det «langt til folk», og det var tungvint å vere med i organiserte aktivitetar. Eg trur det vart med éin tur til sundagsskulen i Hemsedal. Men på Nes var det lettare. Der var eg med i speidaren. På Nes var det også noko dei kalla «arbeidsstove». Eg hugsar gutane dreiv med noko eg ikkje fekk lov til å drive med. Det enda med at eg skrudde klokka fram og gjekk heim éin time før det var slutt, smiler Stein.

LES OGSÅ: Den usynlege minoriteten

Var ikkje "gutejente"
– Eg var forsiktig som barn. Eg syntest det var tøft med dei som hoppa på ski, men torde ikkje å gjere det sjølv. Då eg til slutt fekk skøyter, var det kunstløpskøyter. Det var ein skuffelse.
Sjølv om det er lenge sidan han budde i Hallingdal, har han sterke barndomsminne, særleg frå gamle Nes. 

– Gjennom heile oppveksten var eg mykje hjå gommo og goffa. Gommo var eit raust menneske som hadde budd mange år i Amerika. «It takes all kinds of people to make the world», sa ho til meg. Det tolka eg som ein aksept av at eg var den eg var, seier han. 

LES OGSÅ: Kom skeivt ut

– Men du heitte ikkje Stein på den tida? 
– Nei, men eg identifiserte meg aldri med det jentenamnet eg hadde som barn. Allereie som barn, oppfatta eg meg som gut. Eg opplyser aldri om kva eg heitte før. Ikkje ein gong barnebarna mine får vite det. Men folk i Nes som kjenner meg frå eg var barn, veit sjølvsagt kva eg heitte. Men eg likar ikkje at det blir brukt, seier han.

Du treng ikkje noko medisinsk diagnose for å endre namn frå Marie til Martin. Dersom du ønskjer det, kan du til og med behalde det gamle namnet og nytte det som mellomnamn. Den nye namnelova frå 2002 er såleis godt tilrettelagt for transpersonar. Då Stein skulle endre namn, kunne han spasere inn på Folkeregisteret i Bergen og be om nye papir med lov i hand.

– Men eg hugsar at dama bak skranken vart knallraud i fjeset då eg fortalde kva namn eg hadde valt og kvifor eg ville byte, seier han.

Det er ikkje uvanleg at familiane til transpersonar opplever ein sorgprosess når ein som står dei nær legg ut på ei så omfattande reise.

– Ofte så føler dei at dei mistar noko. Dei gjer jo ikkje det, men det skjer ei endring. Ein av dei faktorane som har mykje å seie for transpersonar, er om det blir godteke av familien. Viss eg skal gje eit råd, må det vere at dei søkjer hjelp, heller enn å avvise at det er eit problem, seier han.

LES OGSÅ: Babi i Baku: Skraphomsen

Tok seg god tid til fortelje familien
– Eg snakka først med venner, og hadde støtte hjå ein psykolog. Deretter la eg ein plan for korleis eg skulle fortelje det. Eg fortalde det ansikt til ansikt til son min. Familien fekk eit brev der eg fortalde kva som hadde skjedd. I brevet la eg ved eit bilete av meg sjølv i ein lukka konvolutt. Eg hadde fått ein kamerat til å ta eit bilete av meg i dress. Eg skreiv at dei kunne opne konvolutten når dei var klare for det. 

I brevet informerte han om kven andre som visste det, slik at dei som fekk brevet kunne ha nokon å snakke med.

– Folk reagerte på ulikt vis. Det har eg forståing for. Eg har sjølv trunge tid på å kome dit eg er i dag. Då må også eg forvente at omgjevnadene mine har trunge tid på å venje seg til det, seier han. 

Han synest det er vanskeleg å gjere greie for kvifor det var feil for han å vere jente. Men han seier at dette er ei kjensle han har bore med seg heile livet.

– Det var berre slik det var. Det skjer noko med psyken når du ikkje blir sett og stadfesta for den du er. Å vere transperson var viktig for meg også då eg var barn, men det var vanskeleg. Korleis skal du snakke om eit tema som det er så taust om. Dei som utfordra kjønnsrollene på 1960- og -70-talet, var gjerne menn som kledde seg i dameklede for underhaldning. Men for meg var dette djupt alvorleg. Eg hugsar eg las kveldsbøn og bad til Gud om å vakne opp og vere gut. Det dreiv eg med ganske lenge, men det endra sjølvsagt ikkje nokon ting, seier han. 

Les heile saka og sjå fleire bilete i Hallingdølen!

Faktaboks

* Stein Wolff Frydenlund (55) er transperson.

* Han voks opp som jente og budde fleire stader i Hallingdal som barn.

* Han er utdanna cand.polit. i administrasjon- og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen i 1989.

* Han bur i Bergen og jobbar som lektor ved ein vidaregåande skule i Nordhordland.

* På fritida er han engasjert i organisasjonsarbeid, og har i ei årrekkje jobba i Amnesty International Norge med lhbt-saker (nemning på lesbiske, homofile, bifile og transpesonar som gruppe) . I mars 2010 vart han leiar i Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) sitt transpolitiske utval.

* I seinare tid har han tatt skogbrukseksamen. I 2011 arva han 1400 dekar med skog i Nes.