Polsk ungdomspartileiar fryktar Trump sin fredsavtale blir ein businessavtale

Sosialistisk Ungdom meiner det er viktig å lytte til sitt polske systerparti.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg fryktar denne avtala til USA og Russland blir ein businessavtale, og ikkje ein fredsavtale slik regionen vår treng.

Det seier Stanisław Kostulski (23) når Framtida.no ringer han på tysdag. Han er ein av to leiarar i det polske ungdomspartiet Młodzi Razem.

Saman med systerpartia Finnlands Vänsterungdom, norske Sosialistisk Ungdom, Sveriges Ung Vänster og Ung Vinstri Græn frå Island har dei organisert eit opprop mot Trump-administrasjonen sine forhandlingar med Russland, der Ukraina og andre europeiske land ikkje er med.

I går, på treårsdagen til Russland sin invasjon av Ukraina, la dei ut det felles oppropet på Instagram.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Młodzi Razem (@mlodzirazem)

Sjølve oppropet fokuserer på øydeleggingane i Ukraina etter tre år med krig, og fordømmer at landet ikkje har vore ein del av samtalene mellom Russland og USA. Partia kallar USA sitt forslag til mineralavtale kolonialistisk, føreslår at Ukraina si krigsgjeld bør bli tilgjeve, og krev at europeiske land stiller seg bak Ukraina framover.

Kostulski fortel at dei er bekymra for kva konsekvensane vil vere for vanlege ukrainske folk, om landet ikkje får ein plass ved forhandlingsbordet.

Han viser spesielt til Trump si mineralavtale, der Ukraina kan bli tvungen til å gi frå seg naturressursar mot fred.

– Eg trur at om administrasjonen går inn for denne avtala, blir det berre ein måte å kolonisere Ukraina og ta ut ressursane deira, seier han.

Handlar om folkeretten

Noko av målet bak oppropet er å vise ei samla internasjonal venstreside som står med Ukraina.

«Fred kan ikke oppnås, hvis Ukraina reduseres til en brikke i stormaktspolitikk, og verken stabilitet eller sikkerheten til vårt kontinent kan garanteres uten europeisk partnerskap,» står det blant anna i oppropet.

– Det handlar i botn og grunn om folkeretten og Ukraina sin rett til sjølvstende, seier Jack Schønberg, internasjonal leiar i SU.

Han meiner det er spesielt viktig å lytte til det polske systerpartiet deira.

– Det tærer mykje på dei, med tanke på at dei er nabolandet til Ukraina, ser øydeleggingane, får fleire flyktningar, og også har ei historie med russisk aggresjon.

Han meiner det er viktig å halde oppe den politiske kontakten og forstå verkelegheita i Aust-Europa.

– Dei kjenner det meir på kroppen, det er viktig for dei å ha eit sånt opprop, og det er difor vi er opptekne av å stå opp med dei.

Jack Schønberg er internasjonal leiar i Sosialistisk Ungdom. | Foto: Sosialistisk Ungdom

Har krig ved grensene våre

Kostulski fortel at for mange i Polen kjem solidariteten med Ukraina av det dei har sett av konsekvensar frå krigen dei siste tre åra.

– Og no om dagen trur eg at sjølv om mange polske folk er utmatta av krig, har ikkje solidariteten døydd ut. Vi føler framleis at vi treng å hjelpe naboane våre.

Han påpeiker også at det er viktig for Polen å stå saman med Ukraina i geopolitisk samanheng.

– Vi har krig ved grensene våre, og vi grenser til Russland og Belarus. Eg trur at i regionen vår, i Sentral- og Aust-Europa, treng vi å ha solidaritet for å garantere tryggleik og fred som vil vare.