Bokmelding: Det året eg vakna – lett å gløyma

Det året eg vakna er ei bok som ikkje har funne ut kva ho vil vera. Boka er lett å lesa, men lett å gløyma.

Magnus Rotevatn
Publisert

I boka Det året eg vakna skildrar forfattar Sigri Sandberg eit heilt år. Gjennom dei fire årstidene blir det tydeleg korleis klimaet er i endring. Ikkje minst så påverkar klimakrisa kvardagen og psyken til Sandberg. Ho grublar mykje. 

Det er ikkje tvil om at Sandberg er ein erfaren skribent. Teksten flyt som berre det – heilt knirkefritt! Det er lett å lesa.

Boka inneheld også nokre scenar som er verkeleg underhaldande å lesa. Til dømes er det godt skildra då forfattaren og ektemannen sin hyttetur på Svalbard blei litt meir spennande enn planlagt på grunn av ein isbjørn.

Likevel blir eg aldri særleg engasjert. Trass i at klimakrisa er vår tids viktigaste tema.

 

Det året eg vakna: kva skjer med naturen – og oss?

Forfattar: Sigri Sandberg

Forlag: Samlaget

Utgjeve: 2025

Sjanger: Sakprosa

Lett å gløyma

Boka verkar å vera eit lappeteppe av tilfeldige greier utan ein tydeleg raud tråd. Det er jammen godt at me fylgjer årstidene, for elles har ikkje boka mykje driv. 

Teksten hoppar hit og dit. Og eg slit me å skjønna kva forfattaren ynskjer å formidla. Det blir ikkje bora særleg djupt i noko tema. Idet noko byrjar å bli interessant, hoppar me lett vidare til neste tanke. 

Sandberg brukar mykje plass på å ramsa opp fakta og attfortelja tankane til andre folk. Eg vil høyra kva ho sjølv har å seia!

Boka er dessverre lett å gløyma, då det er ikkje er noko tydeleg bodskap eller fokus. At klimakrisa ikkje er noko hyggjeleg veit eg liksom frå før. 

Best når ho tenkjer fritt

Boka er på sitt beste når Sandberg skriv om friluftsliv. Her har ho verkeleg noko å bidra med – og slepp å støtta seg på kva andre har sagt.

Ho skriv godt om ambivalensen mellom naturglede og trugselen friluftslivet stundom er mot ein levedyktig natur. Det er rett og slett bra at ho pirkar borti dette. Her står det også noko på spel. 

Når ho tenkjer fritt, kjem òg kjenslene best til syna. Her finst det engasjement!

Skjer her og no

I delar av boka klarar Sandberg på ypparleg vis å visa fram kor lett det er å fornekta eller ignorera klimakrisa. 

Som ho skriv: «Vi har det førebels altfor bra til å bry oss, altfor bra».

Det året eg vakna dokumenterer korleis endringane i klimaet og vêret framtonar seg for nordmenn flest. Me merkar det kanskje ikkje alltid, men klimakrisa er ein del av kvardagen og liva våra. 

Dette er kanskje den største verdien av boka til Sandberg. At ho klarar viser fram at klimaendringane skjer her og no – i Noreg. 

Og dersom me skal byrja å bry oss, må me klara å sjå at krisa grip inn i våre eigne liv.