Studentar ventar på at universitetet skal opne – fryktar dei kan bli tvinga til krig
Ifølgje opprørsgruppa M23 vil skular i byen Bukavu i Kongo opna måndag, men studenten «Denis» er ikkje overtydd.

– Ingen visste at Bukavu også kom til å bli teken, fortel studenten «Denis» (24) over telefonsamtale på Whatsapp. Han studerer ved Institut Supérieur Pédagogique i Bukavu, aust i Den Demokratiske Republikken Kongo (DR Kongo).
Framtida.no kjenner «Denis» sin identitet, men har valt å anonymisere han av omsyn til tryggleiken hans.
Den rwandiskstøtta opprørsgruppa M23 erklærte at dei hadde teke over Goma, ein by nord for Bukavu, den 27. januar. På veg vidare til Bukavu møtte dei motstand, og 3. februar, erklærte dei ei einsidig våpenkvile. At byen Bukavu skulle bli teken var det få som trudde.
– M23 har vore i Nord-Kivu lenge før dei tok over Goma-by. Men at dei ville ta Bukavu såg vi ikkje ein gong på som ei mogelegheit, seier «Denis».
● Les også: Krigen i Kongo – kort forklart
Ei venta overtaking
Då M23 tok over flyplassen nord for Bukavu visste innbyggjarane at gruppa nærma seg Bukavu.
– Desse dagane gøymde vi oss heime, medan me høyrde kuleskot utanfor, fortel «Denis».
Skota var frå tjuvar som utnytta maktvakuumet i byen til å stele frå butikkar, ifølgje «Denis».
– Den kongolesiske hæren skulle beskytte oss, men dei hadde allereie dratt frå byen. Då M23 kom var det ingen ting anna å gjere enn å ynskje dei velkomne, fortel «Denis».
Då opprørsstyrkane tok over byen blei det heilt stille, ingen bevegde seg nokon stad.
Kaotisk flukt
– Det einaste den kongolesiske hæren er god på er å plage sivile, seier Morten Bøås, seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
–Dei seier dei trakk seg ut for å unngå tap av sivile, men vi har sett den same kaotiske flukta og tilbaketrekkinga som i Goma, fortel han.
Sjølv om M23 er i mindretal er dei ei betre kampstyrke, meiner han. Begge gruppene står for overgrep mot sivile.
Meir enn berre mineral
Diplomatiet i både den Afrikanske Union (AU) og det Aust-Afrikanske fellesskapet (EAC) jobbar på høggir for å løyse konflikten. I forkant av at M23 tok over Bukavu forsøkte Kenya å mekle mellom DR Kongo og Rwanda.
– Det regionale toppmøtet i Kenya fekk ikkje det utfallet som Kenya håpa på, fortel Bøås.
Mange koplar konflikten i Kongo til dei store førekomstane av mineral. Bøås meiner det er å forenkle konflikten.
Rwanda tente allereie mykje pengar på mineral. Om det berre handla om det ville det vore ein dårleg ide å annektere Goma og Bukavu, meiner Bøås, ettersom konflikten fører til mykje fokus på området. Han meiner angrepa er ein del av eit storpolitisk spel frå Rwanda for å underminere Kongos president Felix Tshisekedi:
– Dei ynskjer ikkje at han skal framstå sterk eller som nokon som kan beskytte Kongo, fortel Bøås.
President Tshisekedi har heile tida nekta å forhandle med M23 og Rwanda.
– Dei er stabeisar begge to, fortel Bøås om presidentane i dei to landa.
Bøås skildrar president Kagame i Rwanda som ein mann som løyser konflikt med vald:
– Alle hans formative år har lært han ein ting: at løysinga på konflikt ikkje er kompromiss, men jernneven, fortel Bøås.
Han meiner president Kagame vil at Kongo skal akseptere rwandisk innflytelse i Nord-Kivu.
– Dei ønsker seg nok tilbake til den tida da det var ei felles forståing om at Rwanda hadde interesser i Kongo. Den tidlegare presidenten aksepterte at det var ei rwandisk innflytelsesfære her, noko den nye presidenten aldri har akseptert, meiner Bøås.
Å styre i framand land
Tilbake i 2012 tok M23 over byen Goma, men måtte trekkje seg ut etter diplomatisk press.
– No står M23 overfor eit stort problem, nemleg at dei skal styre to svære byar, fortel Bøås.
Han trur ikkje president Kagame ynskjer seg eit Stor-Rwanda, og har liten tru på at dei to millionbyane vil bli verande i rwandisk styre.
– Då må dei tømme desse områda for folk, og eg trur ikkje dei vil gå så langt, seier Bøås.
Ein ny kvardag under M23
– M23 kom hit med eit diktatorstyre som vi er nøydde å tilpasse oss. Men vi er veldig redde, fortel «Denis».
Torsdag 19. februar arrangerte M23 møte over heile byen, kor dei informerte folk om at kvardagen vil gå tilbake til normalen neste veke.
– Dei seier at skulen begynner igjen frå måndag, og dei har sett inn sine eigne folk i myndigheitsposisjonar.
«Denis» er likevel usikker på om skulen vil starte måndag. Han meiner mange foreldre framleis er redde for å sende borna sine dit.
– Nokon seier skulen vil starte, andre er ueinige. Men kven skal betale lærarane om skulen opnar? Skulen tilhøyrer staten, men no det eit anna styre her, fortel «Denis».
Han ventar framleis på beskjed frå universitetet om dei vil begynne undervisninga igjen.
– I Goma sa dei også at alle aktivitetar skulle begynne igjen, med no er det gått to veker utan at folk har begynt på skulen, seier han.
Eit strengt styre
«Denis» trur også at dei kongolesiske myndigheitene kan lære ei lekse. Han fortel at det er delte meiningar om at Bukavu blir styrt av M23.
– Ei venninne av meg meiner at til og med diktatur kan ha gode sider, fordi det ikkje vil vere uro her, fortel «Denis».
Men han har også brutale historier å fortelje. Han seier dei framleis kan høyre kuleskot frå tjuvar i byen. Dersom M23 finn nokon som dei mistenker for å vere tjuvar, er straffa streng.
– Dei seier at dei ikkje har noko fengsel anna enn kula. Så om du er mistenkt så skyt dei deg, fortel han.
Den 21. februar planla M23 ei obligatorisk reingjering av Bukavu by. Dugnaden kan minne om dei månadlege reingjeringane dei har i Rwanda, med namn Umuganda-dagen. Tiltaket har gjort at hovudstaden i Rwanda blir kalla Afrikas reinaste by. Men dei strenge reglane har også blitt kritiserte av menneskerettsorganisasjonar.
– Frå klokka 08.00 til klokka 11.00 må vi rydde i heile byen. Det einaste problemet er at det er tvinga. Om du ikkje bidreg blir du banka opp skikkeleg, fortel han.
På rømmen frå Goma
Etienne (23) har tidlegare fortald Framtida korleis han gøymde seg i fleire dagar då opprørsgruppa kom til Goma. Han fortel at ein av naboane hans i Goma blei drepen fordi han blei mistenkt for å vere soldat frå den kongolesiske hæren.
– Det var då eg bestemte meg for å reise til familien min i Bukavu. Eg trudde aldri krigen ville nå dit, fortel Etienne.
Å forlate Goma var likevel ikkje enkelt. Ein venn frå Bukavu måtte reise gjennom nabolandet Rwanda med eit dokument Etienne trong for å forlate studiebyen sin.
– Det er ikkje mogeleg å reise over sjøen, og heller ikkje på land, så gjennom Rwanda var einaste mogelegheit, fortel Etienne.
Han trudde han skulle finne tryggleik i Bukavu, men dagen etter at han kom blei også Bukavu teke over av M23.
Framtid som soldat eller student?
– Det var annleis enn når Goma blei teken. I Goma blei over 300 drepne og mange skadde, men i Bukavu hadde den kongolesiske hæren dratt før M23 kom til, fortel Etienne.
I likskap med «Denis» er han usikker på om situasjonen er tilbake til normalen neste veke, slik M23 har sagt.
– Mange butikkeigarar og tilsette i skuleadministrasjonen har rømt, for eksempel til Burundi, fortel han.
Etienne fortel også at folk deler informasjon om at M23 krev at studentar skal engasjere seg i hæren deira. Dette gjer han usikker på framtida.
– Vil dei tvinge oss til å bli med i hæren? Eller blir vi tvinga til å flykte? Utan pengar kan vi bli tvinga til å bli med i hæren likevel, fortel han.
Han er også bekymra for borna som veks opp i krig og konflikt.
– Rwanda aksepterer ikkje kva det internasjonale samfunnet krev. Dei seier dei ynskjer å skape fred her, men dei kan ikkje seie det når folk blir drepne, fortel Etienne.