Senterungdomsleiaren om Sp-exit: – Viser at me har ryggrad
Men både AUF-leiar Gaute Skjervø og Senterungdomsleiar Nils Forren ser moglegheita for å koma attende i regjering etter stortingsvalet til hausten.
– For det første så meiner eg at det var heilt riktig av Senterpartiet å gå ut av regjering. Det viser at me har ryggrad når det kjem til låge og stabile energiprisar og ikkje er villige til å gå på kompromiss med det.
Det seier leiar i Senterungdommen Nils Forren på telefon til Framtida.no.
Tre av åtte direktiv
Torsdag annonserte Senterpartileiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum at dei trekkjer seg frå regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet.
Grunnen var at Arbeidarpartiet ville innføra tre EU-direktiv frå EUs fjerde energimarknadspakke, ei sak Senterpartiet meinte burde utsetjast til etter neste stortingsval.
Dei tre første direktiva handla om utbygging av fornybar energi, og energieffektivisering og nye bygningsdirektiv.
Dei neste direktiva i straumpakken er meir omdiskuterte, og handlar mellom anna om energibyrået Acer (Agency for the Cooperation of Energy Regulators – byrået for samarbeid mellom reguleringsstyresmakter).
Senterpartipolitikar Marit Arnstad forklara til NRK at dei ser på EUs fjerde energimarknadspakke som ein heilskap, som vil gjera Noreg til ein fullverdig del av EUs kraftmarknad.
Skuffa over AUF
Forren trur at Senterpartiet sin regjerings-exit vil føra til ein diskusjon om reell straumkontroll i Noreg, kontra det å knyta seg til den europeiske marknaden.
– Så er eg òg litt skuffa, særleg over AUF som vel å sette seg i fanget til EU-eliten, framfor å lytta til det norske folk, og ikkje ønskjer å ta kampen om låge straumprisar i Noreg, seier Forren vidare.
Han håpar at Senterpartiet kjem tilbake i regjering etter haustens stortingsval.
– No er det opp til norske veljarar å seia om dei ønskjer å gje frå seg meir kontroll eller ta meir kontroll, oppmodar Forren.
– Men ser du føre deg at Senterpartiet skal inn att i regjering med Arbeidarpartiet?
– Det viktige for Senterpartiet er politiske saker og me kjem til å jobba for låge, kontrollerte straumprisar i Noreg.
Spår dårlegare politikk
Forren tek det med knusande ro at åtte senterpartiprofilar no skal ut av regjeringa.
– Men eg er oppriktig lei meg for norske innbyggjarar, som eg trur vil få ein dårlegare politikk. Politikken av den nye regjeringa kjem til å bli dårlegare for landbruket, dårlegare for distrikta og dårlegare for straumprisane, seier Forren, som trur statsrådane som går tilbake til Stortinget vil gjera ein god innsats der.
– Må vise kva vi er gode for
AUF-leiar Gaute Skjervø er heilt ueinig at regjeringa sin politikk vil bli dårlegare no som dei står åleine.
– Det er synd at Sp har valt å gå ut av regjering på ei sak som denne, men eg ser også på det som ei moglegheit til å få gjennom masse god Arbeidarparti-politikk, skriv han på e-post til Framtida.no.
Han meiner dei to partia har samarbeida godt dei tre åra, og at han ikkje ser bort frå at dei finn saman att etter valet i haust.
– Når dei no likevel har valt å gå ut av regjering må Ap vise kva vi er gode for, og styre landet etter vår eigen politikk.
Støttar ikkje Sp-strategi
Skjervø avviser kritikken frå Forren om å vera «i fanget til EU-eliten».
– Eg ser ingen problem med å vedta krav om fleire ladepunkt i nye bygg. Ei heller å vedta eit fornybardirektiv frå 2012. Denne politikken er uproblematisk, men her vel Senterpartiet politisk spel for å vinna veljarar opp mot valkampen, skriv han.
– Senterpartiet har eit bakland dei ønsker å nå ut til no når dei gjer det dårleg på målingane. Eg skjønar veldig godt at ein ynskjer å mobilisera EU-motstandarane, men dette er ein politisk strategi frå Sp som eg ikkje støttar, fordi sjølve innhaldet i dei tre direktiva Sp valde å bryta på var uproblematiske.
Han peikar på at Arbeidarpartiet på dag ein åleine i regjering allereie har parkert norsk straumproblematikk.
– Det viser eit Ap som viser handlekraft og ryggrad.
Håpar på fornying i Arbeidarpartiet
No håpar Skjervø at statsminister Jonas Gahr Støre grip sjansen til å få inn mange unge folk i regjeringa si.
– Arbeidarpartiet treng fornying. Arbeidarpartiet må også fortsette å levera god politikk, og har no eit større handlingsrom til å gjera nettopp det.
Han peikar på at Arbeidarpartiet har sagt at dei vil vidareføra straumstøtta og tilby fastprisavtalar på 40 øre.
– Det er ein knallgod start på vår tid åleine i regjering.
Skjervø opplever at mange i Arbeidarpartiet no står med ein ny motivasjon inn i valkampen.
– Ein skal ikkje undervurdera krafta i, og resultatet av endå fleire dyktige Arbeidarpartipolitikarar og endå meir god Arbeidarparti-politikk. Så må vi gjera vårt for å vise kva Ap vil med Norge, og eg trur det vil bety at vi løftar oss i popularitet blant folk.