Equinor-prosjekt stogga av skotsk domstol

Det omstridde Rosebank-prosjektet til Equinor er stogga av rettsvesenet i Skottland, men kan jobba vidare for nytt vedtak.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Torsdag 30. januar kom dommen i den sivile høgsteretten i Skottland.

Retten kom fram til at klarsignalet som kom i 2023 til å utvikla det store Rosebank-oljefeltet utanfor Shetland ikkje var lovleg, fordi dei ikkje hadde teke inn i rekneskapen utslepp knytt til forbrenninga av olja og gassen som vert henta opp. Dommen inkluderer òg eit mindre gassfelt, kalla Jackdaw.

Det var organisasjonane Greenpeace og Uplift, som tok saka til retten.

Miljøorganisasjonar jublar

Det var i 2023 at den konservative regjeringa opna opp for at Equinor kunne bygga ut Rosebank, som er det største uutvikla oljefeltet i Storbritannia.

Den sitjande Labour-regjeringa vil forby nye lisensar i Nordsjøen, men seier at løyver gitt før deira periode er gyldige, ifølgje NRK.

Philip Evans frå britiske Greenpeace seier til avisa The Guardian at vedtaket i dei to sakene om Rosebank og Jackdaw er ein historisk siger.

– Domstolane er einige med det klimaaktivistar har sagt heile tida: Rosebank og Jackdaw er ulovlege, og deira fullstendige klimapåverknad må no bli skikkeleg vurdert, seier han til avisa.

Norske Natur og Ungdom gler seg òg over den britiske klimasigeren.

Marius Moldsvor frå Natur og ungdom. Foto: Privat

– I dag feirar vi saman med den britiske klimarørsla, som etter fleire år med kamp mot Equinor sitt katastrofale oljefelt, no har vunne i retten. Dommen syner at regjeringar verda over må byrja å rekna med dei faktiske klimaavtrykka til fossilindustrien, skriv Marius Moldsvor, som er medlem i internasjonalt utval i Natur og Ungdom, i ei tekstmelding til Framtida.no.

Han meiner det no er viktig å halda trykket oppe, slik at Rosebank-feltet aldri vert realisert.

Equinor jobbar vidare

For sjølv om Equinor no har fått nei, vil dei ifølgje NRK jobba vidare for å få eit nytt samtykke.

– Me vil jobba tett med britiske styresmakter for å vidareføra arbeidet. Dette inkluderer ei nedstraums vurdering av forbrenningsutslepp frå sluttbrukarar i full overeinsstemming med den britiske regjeringas nye miljørettleiing som er planlagt publisert til våren, seier Ola Morten Aanestad, pressetalsperson i Equinor til NRK.