Vekas viktigaste: Regjeringsbrot, opprør i Kongo og kinesisk KI
Hald deg oppdatert på det som har skjedd den siste veka!
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Sp og Ap bryt regjeringssamarbeidet
Senterpartiet går ut av regjering. Det opplyste Senterparti-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum torsdag ettermiddag. Sidan 2021 har Senterpartiet og Arbeidarpartiet sete i regjering saman.
Bakgrunnen for brotet er usemje om innføring av EU-direktiv, nærmare bestemt EUs fjerde energimarknadspakke. Senterpartiet er sterkt imot å innføre pakken i Noreg, medan Arbeidarpartiet ønsker å innføre delar av han.
– Vi seier at nok er nok, her er grensa. Vi gjer det for å endre norsk straumpolitikk og skape ein dynamikk der vi kan gjere grep som kan gi oss lågare og stabile straumprisar i Noreg, og at vi ikkje skal gi frå oss meir makt til EU, seier Vedum til VG.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag at Senterparti-exiten ikkje er utgangen han ønska seg.
– Det vi har lagt på bordet, har dessverre ikkje vore nok til at Senterpartiet valde å bli verande i regjering.
Åtte statsrådar frå Sp går dimed ut av regjering og blir erstatta av arbeidarpartipolitikarar.
Opptøyar i Kongo
Den siste veka har den kongolesiske hæren og FNs fredsbevarande styrkar kjempa mot den rwandisk-støtta opprørsgruppa M23, skriv NRK. M23 hevdar å ha tatt kontroll over byen Goma aust i Den demokratiske republikken Kongo.
Kampane er ei utvikling av ein konflikt som har vart i fleire tiår.
Dei siste dagane er tusenvis av menneske drivne på flukt i landet. Minst 100 menneske er drepne og over 1000 skada, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Det har òg vore store demonstrasjonar i hovudstaden Kinshasa og fleire ambassadar har blitt angripne.
Felix Tshisekedi, presidenten i Kongo, seier i ein tale til nasjonen at militæret er i gang med å svare på M23-militsens handlingar.
Rwanda blir skulda for å støtte M23, noko president Paul Kagame nektar for, skriv NTB.
Truleg 67 døde i flystyrt i Washington D.C.
Eit passasjerfly styrta i Washington D.C. natt til torsdag norsk tid etter å ha kollidert med eit militærhelikopter. Det var 64 personar om bord i flyet og tre i helikopteret.
Flyet var på veg frå Kansas og skulle lande på Reagan National Airport då det kolliderte med helikopteret og styrta i elva Potomac, skriv NRK.
På ein pressekonferanse torsdag opplyser amerikanske styresmakter ifølgje VG at dei ikkje trur det er nokon overlevande etter flystyrten.
40 personar er så langt stadfesta døde og henta opp av vatnet, ifølgje CBS News.
Årsaka til ulukka er ikkje kjent, men dei «svarte boksane» til flyet er funne og ulukka vil bli etterforska. Ifølgje The New York Times var flytårnet lågare bemanna enn vanleg, og pilotane i militærhelikopteret hadde ifølgje forsvarminister Pete Hegseth nattbriller på.
President Donald Trump skulda Biden-administrasjonens mangfald- og inkluderingspolitikk for å ha svekt flysikkerheita. Han hevda Luftfartstilsynet (FAA) har tilsett folk med psykiske og fysiske problem, men vedgår at det er for tidleg å konkludere om årsaka til kollisjonen.
Kinesisk KI skapte kaos på børsen
Kappløpet om kunstig intelligens har skote fart den siste veka etter at den kinesiske kunstige intelligensen DeepSeek overraskande vart lansert. KI-tenesta skal vere både billegare og betre enn ChatGPT frå OpenAI, skriv E24.
Lanseringa førte til uro på den amerikanske børsen måndag, og vi fekk det største fallet på Wall Street i historia for eit enkeltselskap, melder NRK. Databrikkeprodusenten Nvidia, som i korte periodar har vore verdas mest verdifulle selskap, fall med nærmare 17 prosent.
DeepSeek har etter lanseringa blitt kritisert for sensur. Fleire medium har testa appen, og oppdaga at han ikkje vil svare på spørsmål om Kina. Faktisk.no spurde mellom anna språkmodellen om fredsprisvinnar Liu Xiaobo, Ole Brumm og om Uigur-befolkninga, og fekk svaret «Beklager, dette temaet ligger utenfor mitt felt. La oss snakke om noe annet.»
Appen er no den mest lasta ned gratisappen i både USA og Noreg.
Dei siste dagane har det òg blitt lansert fleire konkurrerande KI-modellar eller oppgraderingar.
Minst 30 døde på hindu-festival
Pilegrimar var samla for eit rituelt bad under den store hindufestivalen Maha Kumbh Mela då det braut ut panikk, skriv NRK. Fleire menneske vart trampa i hel i trengselen som oppstod om morgonen 29. januar. Indisk politi opplyser at 30 personar er døde og 90 skada, skriv Reuters.
Det var venta opp mot 400 millionar menneske under det som er verdas største religiøse fest, som blir arrangert kvart tolvte år. Festivalen finn stad i Prayagraj i delstaten Uttar Pradesh nord i India, og varar i 45 dagar. Ifølgje delstatsministeren i Uttar Pradesh, Yogi Adityanath, oppstod trengselen då ei gruppe menneske freista å hoppe over barrikadar for å nå området der tre heilage elver møtest. Samstundes har indiske opposisjonsleiarar kritisert styresmaktene for dårleg leiing som årsak til hendinga, skriv NTB.
Statsminister Narendra Modi har kondolert til dei som har mista sine kjære. Indiske styresmakter har ikkje gått ut med offisielle dødstal.
Lyspunkt: Meir elektrisitet frå solkraft enn kol i EU i 2024
11 prosent av all elektrisiteten som vart produsert i EU-landa i fjor, kom frå solenergi. 10 prosent av elektrisiteten kom frå brenning av kol, ifølge klima-tenkjetanken Ember.
Det tyder at solenergi for første gong har passert kol som energikjelde i EU-landa.
– Dette er ein milepåle. Kol er den eldste måten å produsere elektrisitet på, men også den skitnaste. Solenergi er stjerneskotet, seier Beatrice Petrovich, som er medforfattar av rapporten.