Desse kan vinne Uprisen

Bibi Fatima Musavi kan vinne Uprisen for romandebuten sin.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Ungdomsskuleelevar frå heile landet har lese og vurdert dei beste ungdomsbøkene som vart gitt ut i 2024.

Dei nominerte til Uprisen er:

  • Aldri bedre av Alexander Kielland Krag, Gyldendal forlag  
  • Jenter som meg av Bibi Fatima Musavi, Aschehoug forlag 
  • Den kvelden vi ble ekte av Linda Eloise Pedersen, Bonnier Norsk Forlag AS 
  • Eg skal rive deg i filler av Therese Garshol Syversen, Samlaget forlag 
  • Yolo av Siri Sjøgren Selmer og Espen Rønning Skrolsvik, Manuskript forlag 

Dei beste bøkene er plukka ut av ein jury ved hjelp av kritikkar frå åtte ungdomsskuleklassar frå heile landet.

Prosjektleiar Eira Kluge rosar nominasjonsjuryen for godt samarbeid, initiativ og sjølvstende. 

– Årets nominasjonsjury har jobba veldig godt og effektivt. Det var tydeleg frå start at alle fem hadde gjort gode førebuingar. Oppgåva i år var ikkje enkel, ikkje berre fordi det var mange titlar med i år, men òg fordi kritikarklassane publiserte rekordmange meldingar i løpet av hausten 2024, seier ein stolt prosjektleiar i pressemeldinga.

NOMINASJONSJURY 2025: F.v: Arusha Nagarasa, Kai Kristensen, Helene Steinheim, Rusne Araciauskaite og Linnea Nyberg. Foto: Silje Regine Bråthen / Foreningen !les