Ordliste for filmmeldingar

Filmordliste som er fint å kjenna til når du skal skriva filmkritikk.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 07.05.2025 13:05

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Ordliste for filmkritikk

Fagomgrep som er fint å kjenna til:

(Film)tittel Namnet på filmen. Døme: Avatar: The Way of Water. Filmen kan både ha norsk, nasjonal og internasjonal tittel. Som hovudregel brukar me den norske på norsk.
Regissør Personen som har ansvaret for filminnspelinga og bestemmer korleis filmen blir. Døme: Greta Gerwig er regissøren av Barbie.
Skodespelar Ein person som speler ei rolle i filmen. Døme: Zendaya speler Chani i Dune.
Karakter Ein fiktiv person i filmen. Døme: Simba i Løvenes Konge.
Hovudkarakter/protagonist Den viktigaste karakteren i filmen, ofte helten. Døme: Katniss Everdeen i The Hunger Games.
Antagonist Personen eller kreftene som motarbeider hovudpersonen. Døme: Voldemort i Harry Potter.
Rollebesetning Lista over skodespelarar som speler dei ulike karakterane i filmen.
Manus Teksten til filmen, som inneheld alt som blir sagt (dialogar og monologar) og korleis scenane ser ut. Manus kan vere ei historie skrive for filmen, eller vere adaptert (basert) på til dømes ei bok.
Produksjon Prosessen med å laga filmen, frå idé til ferdig produkt, inkludert regi, klipp, musikk og spesialeffektar.
Filmsjanger Kva kategori filmen høyrer til. Døme: Komedie, skrekk, drama, biografi eller sci-fi.
Plott Historia i filmen. Døme: Ei ung jente finn vennskap og mot gjennom ei reise i Raya og den siste draken.
Plotvending/plot twist Ei uventa utvikling i historia som endrar retninga på handlinga. Døme: Når sanninga om faren til Luke blir avslørt i Star Wars.
Konflikt Problemet eller utfordringa karakterane må handtera. Kan vera ytre (mot ein skurk eller naturen) eller indre (kamp med eigne følelsar).
Klimaks Den mest intense og spanande delen av filmen. Døme: Sluttscena i Avengers: Endgame.
Oppløysning Korleis konflikten blir løyst på slutten av filmen.
Karakterutvikling Korleis ein karakter endrar seg gjennom filmen. Døme: I Frost lærer Anna å setta familien framfor sine eigne behov.
Dialog Samtalen mellom karakterane i filmen. Døme: «Eg ser deg» frå Avatar.
Monolog Når ein karakter pratar åleine, ofte om tankar eller kjensler. Døme: Jokeren sin monolog i The Dark Knight.
Voice over Når ei stemme snakkar utanfor handlinga vi ser på skjermen. Døme: Forteljaren i Den fabelaktige Amélie fra Montmartre.
Scene Ein samanhengande sekvens i filmen. Døme: King (og queen) of the World i Titanic
Kinematografi/cinematografi Korleis filmen blir filma, med kameravinklar, lys og fargar. Døme: Dei symmetriske bileta i The Grand Budapest Hotel.
Lydspor Musikk og lydar som følgjer filmen. Døme: Det ikoniske temaet frå Haisommer.
Redigering/klipping Korleis filmklippa er sett saman for å fortelja historia. Raske klipp kan skapa spenning, medan lange klipp kan gi meir ro.
Kameravinklar og kamerateknikk Måten kameraet er plassert for å fange scenar. Døme: Fugleperspektiv i Ondskapens hotell for å skapa ei urovekkande stemning.
Belysning Korleis lys blir brukt for å skapa stemning og uttrykk. Døme: Skumle scener i It brukar mørkt lys for å auke frykta.
Tema Den overordna bodskapen eller ideen filmen utforskar. Døme: Innsiden ut handlar om viktigheita av alle kjensler, ikkje berre glede.
Symbolikk Når noko representerer noko større enn seg sjølv. Døme: Rose i Titanic som symboliserer kjærleik og tap.
Tone/stemning/atmosfære Korleis filmen kjennest ut, som humoristisk, alvorleg eller mørk. Døme: Den mørke stemninga i The Batman.
Spenning Kjensla av uvisse, forventing eller fart i filmen. Døme: Mission Impossible skapar spenning med raske actionsekvensar.
Kjemi Korleis karakterane eller skodespelarane fungerer saman. Døme: Kjemien mellom Jack og Rose i Titanic.
Retrospektiv/tilbakeblikk Når filmen ser tilbake på tidlegare hendingar. Døme: Tilbakeblikka i Slumdog Millionaire.
In medias res Når filmen startar midt i handlinga. Døme: Opningsscena i Mad Max: Fury Road.
Visuell stil/scenografi Korleis filmen ser ut, inkludert kulissar, kostyme og fargar. Døme: Dei pastellfarga scenane i La La Land.
Spesialeffektar Dataanimasjon, praktiske effektar eller andre visuelle triks som gjer filmen meir imponerande. Døme: Dei realistiske dinosaurane i Jurassic Park.