Filmmelding for sosiale medium

Tips til deg som vil laga filmmelding på sosiale medium, video eller blogg.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 07.05.2025 11:05

Når du skal laga video med filmmelding for sosiale medium, startar du på same måte som om du skal skriva ei filmmelding.

Du kan bruka dei same omgrepa, orda, språklege bileta, verkemidla og ikkje minst: formidla kva DU synest, med forklaring på kvifor.

Hugs: Tittel på filmen, kort oppsummering, kva du likte, noko spesielt ved opplevinga og oppsummering.

  • Les meir her: Slik skriv du filmmelding

Samstundes er det litt annleis å laga melding for video, fordi det er fleirmedialt. Du skal snakka, og du har fleire verkemiddel å bruka: du som snakkar på voice over eller rett i kamera, klipp og lydar frå videoen, tekst på skjermen og teksting av innlegget.

Nedst i saka finn du døme på filmmeldingar i sosiale medium.

Her kjem tips for å laga filmmelding for sosiale medium:

Skriv ned meldinga di

Det kan vera lurt å skriva meldinga først, sjølv om du skal prate anten med eller utan manus. Dette gir deg eit overblikk over kva du ønsker å seia, og du kan øva og flytte tekst og delar, utan at du må klippe masse video.

Kort ned manuset

Når du har skrive ut heile meldinga, er det lurt å korta ned og fjerna det unødvendige. På sosiale medium tenker ein gjerne at det bør vera maks eitt minutt langt. Det inkluderer både det du sjølv seier og eventuelle klipp frå filmen.

På YouTube har du lengre tid. Tilpass deg formatet du skal publisera i.

Når du lagar eit manus for ein video til sosiale medium, avheng det av kor lang videoen skal vera. Her er ein generell retningslinje:

  • 60 sekund: Maks 150 ord
  • 1–2 minutt: 150–300 ord

Hugs at ord ikkje bør fylle heile tida – du treng pausar for at det ikkje skal bli for travelt og at bodskapen skal nå fram. Vurder å ta inn visuelle element og teksting som kan supplera manus, så det ikkje berre er stemma di som ber videoen.

Tips: Skrive kortare enn du trur, og test alltid høgtlesing for å sjekka tempoet!

Ver naturleg

I ei filmmelding er det viktig at du deler dine meiningar, så lenge du underbygger dei og forklarer. Skal filmmeldinga vera på video er det endå viktigare å gjera det munnleg og prata slik som er naturleg for deg.

Hugs: Dine personlege reaksjonar er det som engasjerer sjåarane og gjer det truverdig.

Opptak

Når du skal spela inn videoen er det aller best om du greier å sjå i kamera mens du pratar.

Du kan øva inn manuset på førehand, og så seia om lag det same når du filmar. Du kan lesa 1–2 setningar frå manuset og så gjenta det med augo i kamera, og så klippa ut når du ser på manuset til slutt. Det finst også «teleprompter»-funksjonar i fleire videoredigeringsappar som let deg lesa mens du ser i kamera. Det beste er nok likevel å ikkje lesa direkte opp, men snakka som du ville gjort til ein ven.

Tips: Det er lurt å stå når du pratar, og du må gi meir energi enn du trur for at det skal kome gjennom skjermen.

Hugs: Pust og ta pausar. Om du seier feil er det berre å starta på byrjinga av setninga igjen og klippa bort feil etterpå. Du kan ha ei liste med stikkord å sjå på innimellom, framfor eit ferdigskrive manus som du les opp ord for ord.

Hugs: Stå langt nok unna kamera til at det er litt plass rundt hovudet ditt, slik at du har plass til tekst og redigering etterpå.

Tips: Dersom du ikkje ynskjer å visa ansiktet ditt eller filma deg mens du pratar til kamera, kan du spela inn ein voice over og til bruka bilete eller klipp frå filmen som det visuelle.

 

Finn ein god start

Når du har spelt inn alt, ser du kva som er det mest oppsiktsvekkande og scrollstoppande i videoen din. Dette kan bli «hooket», altså starten på videoen, om lag 2–5 sekund langt.

Dette kan vera noko oppsiktsvekkande du seier eller meiner. Det kan vera eit klipp der du har masse følelsar og engasjement, eller det kan vera ei utsegn som vekker nysgjerrigheit. Til dømes: «Kvifor Oppdrag Nemo fekk meg til å gråte i kinosalen».

Redigering

Du kan gjera dette så lett eller vanskeleg du vil.

  • Start med å fjerna alt du ikkje vil ha med, der du seier feil eller ser i manus, og klipp bort alt av dødtid før eller i det du seier (internett har ikkje tolmod). Fleire redigeringsappar har no AI-teknologi som gjer dette for deg, eller du kan gjera det sjølv.

Etter dette kan du bestemma deg for at du er fornøgd og legga ut innlegget, eller du kan leika deg med meir redigering.

  • Legg på bilete av filmplakaten, bruk klipp eller bilete frå filmen (hugs opphavsrett), bruk lydeffektar som forsterkar det du seier, zoom inn og ut for å halda på merksemda til sjåaren, legg til gif-ar som passar inn, legg til undertekst på det du seier, legg til musikk under stemma di og så bortetter.

Det er også lurt å legga på ei slags overskrift i videoen. Det kan vera «Filmmelding av FILMTITTEL», «Eg melder FILMTITTEL», «FILMTITTEL bra eller dårleg?» Då vert det lett for sjåaren å skjønna med ein gong kva dette handlar om.

Caption/tekst under innlegget

Her kan det vera fint å oppmoda sjåaren til å kommentera, ved å stilla spørsmål som: Kva syntest du om filmen? Har eg rett eller ikkje? Kva film skal eg ta neste gong?

Bygg ein serie på sosial medium

Om dette er noko du likar, kan du legga ut meldingar regelmessig og bygga ein følgarbase. Du kan laga ein serie med til dømes «Vekas film» eller «Eg melder filmklassikarar», «NAMN ser skrekkfilmar – del 1». Lukke til!


Døme:

@sydneyvolpe What a time to be alive #theflash #theflashmovie #dc #dceu #batman #superman #comics #letterboxd #whattowatch #filmtok #theflashreview #movies#greenscreen ♬ original sound – Sydney🚀

 

@popculturebrain Review: Spellbound – Netflix’s attempt at doing Disney #spellbound #netflix #animation #moviereview #movies #movietok #filmtok ♬ original sound – Alex | Pop Culture Brain

@nicolascurciowriter Weirdos rejoice @NEON #cuckoo #horror #horrortok #movie #review ♬ original sound – Nic | Writer