Er du under 26 år? Delta i Framtida.no og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om nynorsk, dialekt eller slang, og vinn 2000 kroner!
Framtida
Publisert Oppdatert 27.01.2025 08:01
Norsk Målungdom, Framtida.no og Magasinett inviterer til skrivekonkurranse om språk.
Svar på èi av oppgåvene under.
Frist for innlevering er 2. april 2025.
Vinnaren får 2000 kroner og teksta si publisert på Framtida.no og i Motmæle. Sjå oppgåvene under og konkurransereglane nedst i saka.
1. Kva betyr nynorsk for deg?
Skriv eit meiningsinnlegg om ditt forhold til nynorsk.
Det kan vere positivt, negativt eller likegyldig. Synest du det er lett eller vanskeleg å bruka nynorsk i samfunnet vårt? Kva er grunnen til at du har dette forholdet til nynorsk, og er det noko som har endra seg over tid?
Skriv eit meiningsinnlegg om korleis stoda er for nynorsk i den digitale kvardagen din.
Du vel sjølv kva du vil fokusera på, men kan til dømes skriva om korleis det er å skriva nynorsk i sosiale medium, på datingappar eller på nett. Du kan òg velja å skriva om i kva grad nynorsk er til stades i den digitale verda, og utfordringar og konsekvensar knytt til dette.
3. Skriv om eit dialektord, nyord eller slanguttrykk
Vel deg eit spanande dialektord, nyord eller slanguttrykk som du meiner fleire burde kjenna til, eller som ikkje trengst. Skriv om ordet, korleis det vert brukt og kvifor du meiner dette er viktig å kjenna til, eller ikkje. Har du eventuelt forslag til nyord som burde finnast?
«Beredskapsvenn», «norsketarianar», «hundredagarshoste» og «exitskatt» er alle på lista over årets nyord. | Kollasj i Canva. Foto: Canva, Privat.
Konkurransereglar
Innleveringsfrist: 2. april 2025
Aldersgrense: 26 år
Målform: Nynorsk
Tekstlengd: Maks 1000 ord, men gjerne kortare
Hovudpremie: 2000 kroner og publisering på Framtida.no
Format: Send inn ditt bidrag via Framtida.no sin meiningsportal som du finn her! (Hugs å krysse av for «bidrag til skrivekonkurranse»). Du kan òg senda teksta som Word- eller PDF-fil til skrivekonkurranse @ framtida.no.
Merknad: Framtida.no sine tilsette, tidlegare tilsette og nære familie kan ikkje delta i skrivekonkurransen. Medlemmar i sentralstyret til Norsk Målungdom kan ikkje delta i konkurransen.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.