Politikk og samfunn

«Viss du ikkje likar det, la vere å sjå på det»

– Å påstå at Gutta Sprut AS «skadar ungdom» berre fordi dei lagar humor som nokon ikkje likar, undervurderer unge menneske, meiner Mathias Heian Ræmisch.

Mathias Heian Ræmisch (17)
Nestleiar i Bergen FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Debatten rundt Gutta Sprut AS og Gullbarbie-prisen har skapt mykje engasjement. Nokon, som Julie Trengereid Gruer frå AUF, meiner at innhaldet deira er skadeleg. Men kvifor ikkje berre la folk lage det dei vil, og la folk velje sjølv kva dei vil sjå på?

Gruer skriv at Gutta Sprut AS skapar ein «ukultur» og spreier dårlege haldningar. Men er det verkeleg så alvorleg? Humor er forskjellig for alle, og det som provoserer éin person, kan få ein annan til å le. Ingen tvingar nokon til å sjå på innhaldet deira. Viss du ikkje likar det, la vere å sjå. Det er faktisk så enkelt.

Må alt vere politisk korrekt?

AUF og liknande grupper er ofte raske til å klage på humor som ikkje passar deira syn. Men humor treng ikkje alltid å vere politisk korrekt eller «snill». Nokre gonger kan det vere litt røft og likevel heilt greitt. Det betyr ikkje at det er vondt eller farleg.

Ungdom kan tenke sjølv

Kritikarane ser ut til å gløyme at ungdom ikkje er dumme. Dei kan tenke sjølv og skjønnar forskjellen på tull og alvor. Å påstå at Gutta Sprut AS «skadar ungdom» berre fordi dei lagar humor som nokon ikkje likar, undervurderer unge menneske.

La folk bestemme sjølv

Vi treng ikkje noko «meiningspoliti» som skal bestemme kva vi kan sjå eller le av. Folk har forskjellige meiningar, og det er heilt greitt. Viss du ikkje likar noko, sjå på noko anna. Verre er det faktisk ikkje.