Spente på nye verneplikt-reglar

Jentene er delte i synet på å trene på å forsvare landet sitt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har ikkje lyst til å bruke eit heilt år på å avtene verneplikt, men blir eg kalla inn vil eg gjere mitt beste. I utgangspunktet meiner eg at dette er noko jenter skal få sleppe, seier 17 år gamle Elisabeth Steine ærleg.

4. oktober vedtok Stortinget å endre vernepliktlova og heimevernlova. Det inneber at verneplikta blir kjønnsnøytral. Forsvaret har ikkje sett noko tal for kor stor del av kvinner som skal inn til førstegongsteneste. Målet er å velge dei best eigna personare og kjønn er såleis ikkje eit kriterium.

– Eg er litt usikker på om eg har lyst, men må eg så må eg. Eg veit litt for lite til å gjere meg opp ei skikkeleg meining, seier Ane Tungland.

LES OGSÅ: Jenter flest vil merke lite til kjønnsnøytral verneplikt

I går, torsdag, var kapteinløytnant ved Forsvarets personell- og vernepliktsenter, Anders Brovold, på besøk ved Sauda vidaregåande skule for å gi informasjon om verneplikttenesta.

– Vi prøver å dekke alle vidaregåande skular i Rogaland som har den type utdanning som vi er ute etter. Eksempel på dette kan vere maritime fag, transport- og logistikkfag, kokkefag og realfag, forklarer han.

Les saka i Ryfylke!

Faktaboks

Allmenn verneplikt

• lova gjeld 1997-kullet frå 2015.
• I januar 2015 får dei første tilsendt sesjon del 1. Dei siste åra har jenter måtta svara på sesjon del 1, men forskjellen frå neste år er at de ikkje lenger sjølv kan velja om dei vil avtena førstegongstenesta. Då er dei vernepliktige og må møta på lik linje med menn viss dei blir innkalla.
• Etter sesjon del 1 vil ein del bli kalla inn til sesjon del 2. Dei første blir kalla inn hausten 2015.
• I juli 2016 startar dei første som blir omfatta av lovendringa førstegongstenesta si i Forsvaret.
• Totalt vil kring 9000 ungdommar bli kalla inn, av totalt kring 60.000 i kvart kull.
• Forsvaret har ikkje sett eit mål om andel kvinner som skal bli kalla inn. Dei kallar inn dei best eigna.