Framtida Junior søkjer journalist
Framtida Junior søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist i vikariat i sju månader.
Framtida Junior tilbyr ein kjekk og utfordrande jobb i eit lærerikt miljø — der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på og der du får stor fridom til å setja ditt preg på Framtida Junior og utvikla avisa til å nå endå fleire barn.
Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.
Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, har ei god forståing av rolla som journalist for barn og er god til å formidla til målgruppa 7-13 år.
Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.
Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar og frivillig arbeid er òg positivt.
Stillinga er eit vikariat i 100 prosent stilling frå etter påske og fram til november. Dersom du er interessert i å jobba deltid i delar av perioden, til dømes i kombinasjon med studium, så er me opne for det!
Om stillinga:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidsstad: Oslo/Stord
Søknadsfrist: 4. februar 2025
Kontaktinformasjon:
- Svein Olav Langåker, redaktør, tlf: 948 75 365 / e-post: svein@framtida.no
- Birgitte Bakken, klubbleiar, tlf: 452 79 435
Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein@framtida.no
— og skriv om du ønskjer å jobba ved Stord-kontoret eller Oslo-kontoret vårt.