Ferieturar får fleire til å lære spansk

Spansk er det mest populære valfrie framandspråket i ungdomsskulen. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil snakka spansk på ferie

Heile 97 prosent av dei spurde spanskelevane trekte fram nettopp dette som ein av grunnane til at dei valde språket. Halvparten av dei kunne tenkje seg å bu i eit spansktalande land, ifølgje doktorgradsavhandlinga til Debora Carrai.

LES OGSÅ: Tulla seg til internasjonal hit

Tysk karriereveg
Samtidig likar franskelevane lyden av språket, medan tyskelevane trur språkkunnskapane vil bli nyttige i karrieren.

– Tysk blir opplevd som jobbrelevant og nyttig, fransk er kulturspråk og danning. Spansk hamnar litt mellom to stolar, som eit spennande og eksotisk feriespråk, seier Carrai til Forskning.no.

Ifølgje Framandspråksenteret har spansk vore det mest populære framandspråket i ungdomsskulen sidan skuleåret 2006/2007. No vel 35 prosent spansk, 27 prosent tysk og 14 prosent fransk. Eit andre framandspråk er ikkje obligatorisk i ungdomsskolen. (©NPK)

LES OGSÅ: Språklege stereotypiar