Anime, superheltar, politikomedie og siste sesong av Stranger Things. Her er nokre av seriane du kan gle deg til i år.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert
Oppdatert 15.01.2025 12:01

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Whiskey on the Rocks

Kvart år kjem ein serie basert på sanne hendingar, men som vågar å leika seg med historia for å fanga oss. I fjor var det Baby Reindeer som imponerte, og i år trur eg det blir den satiriske svenske serien Whiskey on the Rocks.

I hovudrolla finn me Rolf Lassgård, kjend frå En mann ved navn Ove, som den svenske statsministeren Thorbjörn Fälldin. Han får selskap av talent som Kęstutis Jakštas, Anders Mossling og Elsa Saisio.

Serien finn stad i 1981, då ein sovjetisk ubåt uheldigvis trefte ein stein i djupna, og hamna i svenske farvatn under den kalde krigen. Då den svenske marinen oppdaga ubåten, utløyste dette panikk og storpolitisk drama.

I staden for ein tradisjonell historietime tek Whiskey on the Rocks i bruk satire. Denne tilnærminga gjev oss eit viktig innblikk i menneska bak dramaet og avslørar korleis sjølv absurde situasjonar kan trua tryggleiken til nasjonar.

Whiskey on the Rocks blandar humor med alvor og minner oss på at slike hendingar ikkje berre finn stad i historia, spesielt no som spenninga mellom Norden og Russland har auka.

Serieskapar: Henrik Jansson-Schweizer
Sjanger: Historisk satire
Episodar: 6
Premiere: 22. januar 2015
Kor: Disney+


Your Friendly Neighborhood Spider-Man

Etter suksessen med Spider-Man: Across the Spider-Verse (2023) og den dårlege mottakinga av live-action-superheltseriane, har Marvel endeleg skjønt at animasjon er den beste måten å skildra teikneseriar på. Difor er alle sin favoritt-nabolagshelt, Spider-Man, tilbake i den animerte serien Your Friendly Neighborhood Spider-Man (YFNSM).

Serien følgjer Peter Parker, med stemme frå Hudson Thames, og skildrar korleis han blir Spider-Man.

Denne versjonen av Peter kjem frå eit alternativt univers i Marvel Cinematic Universe, der det ikkje er Iron Man, men Norman Osborn som tek rolla som mentor. Colman Domingo gjev stemme til Osborn.

Norman Osborn er kjent for å ha tvilsame og ofte farlege idear. Det blir difor spanande å sjå korleis han påverkar den unge Peter Parker medan han utforskar dei nyvunne kreftene sine.

YFNSM er full av ikoniske heltar og skurkar frå Spider-Man-universet. Matt Murdock (Charlie Cox) og Wilson Fisk (Vincent D’Onofrio), kjende frå Netflix-serien Daredevil, kjem tilbake i rollene sine. Serien inkluderer òg Otto Octavius, Bentley Wittman (The Wizard), Chameleon og fleire andre kjende karakterar. Serieskaparane har lagt vekt på å trekkja inn sentrale figurar frå Spider-Man-verda, noko som gjer serien ekstra verd å gle seg til.

Serieskapar: Jeff Trammell
Sjanger: Superhelt
Episodar: 10
Premiere: 29. januar 2025
Kor: Disney+


Devil May Cry

Netflix har verkeleg gjort seg gjeldande i anime-marknaden dei siste åra med suksessar som Castlevania (2017-2021), Devilman Crybaby (2018) og Cyberpunk: Edgerunners (2022).

I 2025 er det videospelet Devil May Cry som får sin eigen anime på Netflix.

Devil May Cry er eit kultklassisk spel skapt av Hideki Kamiya, ein av dei mest anerkjente videospelskaparane. Kamiya er kjent for sitt arbeid med blant anna Resident Evil 2 og Bayonetta. Devil May Cry har tidlegare fått filmatisering, men det blei ikkje mykje av han.

No får Devil May Cry ein ny sjanse.

Kamiya har henta inspirasjon frå Den guddommelege komedien, der hovudkarakteren, Dante, er oppkalla etter forfattaren. I serien følger vi Dante, spelt av Johnny Yong Bosch, ein demonjeger på jakt etter hemn mot dei som drap familien hans. På toppen av dette, er Dante i sentrum av konflikten mellom demonar og menneske.

Handlinga i Devil May Cry spelet er utruleg spennande, spesielt korleis Den guddommelege komedien speglast i handlinga, og fylt med utdjupa, fleirsida karakterar. Difor er spelserien enkel å tilpassa til andre medium som manga og anime.

Traileren til Devil May Cry gir oss eit glimt av imponerande animasjon med flytande karakterrørsler og livlege fargar. Dette er ikkje overraskande, sidan Studio Mir står bak produksjonen. Dei er kjende for å ha animert Legenden om Korra og Voltron: Legendary Defender.

Som i spela, kan ein forventa kule actionscenar, fengjande handling og interessante karakterar.

Serieskapar: Adi Shankar
Sjanger: Action, fantasi
Episodar: 8
Premiere: April 2025
Kor: Netflix


Bausjen

Eg overdriv ikkje når eg seier at Hvite gutter er ein av dei beste norske seriane nokosinne.

Eirik Hvattum Bjørnstad, Jørgen Evensen, Johannes Roaldsen Fürst og Torjus Tveiten er rett og slett komediegeni. I 2025 er gutane tilbake med serien Bausjen.

 

I Bausjen følgjer me ei politieining utanfor Oslo beståande av seks polititenestefolk spelt av blant anna serieskaparane. Slik som i Hvite gutter, dreiar handlinga seg rundt hovudkarakterane sine liv – i Bausjen er det spesifikt jobben deira både ute i felt og i politistasjonen.

Karakterensemblet kjem til å vera høgdepunktet. Kjemien Bjørnstad, Evensen, Fürst og Tveiten har med kvarandre er nesten ubeskriveleg, og me er heldige som får oppleva denne gjengen samla igjen i ein ny serie.

Denne gjengen av serieskaparar har meistra situasjonskomedie – i Hvite gutter viste dei at komedie ikkje treng å vera tankelaus og støytande for å vera morosamt, men kan også ha samfunnskritiske aspekt og ikkje sikta nedover ved å gjera narr av utsette grupper i samfunnet. Difor gler eg meg til å sjå korleis gutane taklar problematikken rundt politiet.

Utan å vita mykje om Bausjen, kan ein allereie vera sikker på han kjem til å få oss til å døy av latter.

Serieskaparar: Eirik Hvattum Bjørnstad, Jørgen Evensen, Johannes Roaldsen Fürst,  Julian Hagemann og Torjus Tveiten
Sjanger: Situasjonskomedie
Episodar: 8
Premiere: Vår 2025
Kor: Max


Stranger Things 5

Endeleg gjev Netflix ut den siste sesongen av Stranger Things.

Sidan 2016 har me følgt dei ikoniske karakterane Eleven (Millie Bobby Brown), Mike (Finn Wolfhard), Lucas (Caleb McLaughlin), Dustin (Gaten Matarazzo), Will (Noah Schnapp) og Max (Sadie Sink), gjennom møte med skapningane frå Opp-ned-verda.

No kjem alt til å ende med ein siste kamp.

Stranger Things har alltid levert eit sterkt skodespelarensemble. I tillegg til ungdomane, vender Winona Ryder (Joyce), David Harbour (Hopper), Natalia Dyer (Nancy), Charlie Heaton (Jonathan), Joe Keery (Steve) og Maya Hawke (Robin) tilbake i rollene sine.

Turen til siste sesong har vore turbulent – Stranger Things tok popkulturen med storm, leverte ein sterk sesong to, men den tredje sesongen stod ikkje heilt til forventningane. Serien klarte å henta seg inn att i sesong 4.

No er det å sjå om serieskaparane klarar å levere ein storarta finale – forventningane er høge. Eg er optimistisk på at Stranger Things 5 vil innfri, og kanskje overgå, desse.

Serieskaparar: Matt Duffer, Ross Duffer
Sjanger: Sci-fi, skrekk
Episodar: 8
Kor: Netflix
Premiere: Haust 2025


The Undertow

Dersom du ikkje fekk nok av den norske serien Twin frå 2019, ver klar for ein nyskapande gjenforteljing regissert av Jeremy Lovering, med Jamie Dornan i hovudrolla.

Sjølv om Jamie Dornan er mest kjend for den kontroversielle rolla si i Fifty Shades of Grey, har han vist seg å vera ein imponerande og mangfaldig skodespelar i mellom anna The Fall (2013–2016) og Belfast (2021).

Mackenzie Davis spelar hovudrolla saman med Jamie Dornan. I tillegg er Thalia Durek, Gary Lewis og Iain De Caestecker med i denne imponerande rollebesetninga.

Parallelt med Twin handlar The Undertow om paret Adam (Dornan) og Nicola (Mackenzie Davis). Forholdet deira er utan kjærleik og anstrengt, men når den einegga tvillingen til Adam, Lee, trengjer seg inn i livet deira, viser det seg at Nicola og Lee har ei hemmeleg fortid saman.

The Undertow er filma i det skotske høglandet, mellom anna på Mull-øya, og vil bruka den havstrekte og fjelldekte naturen i dette området for å fanga ein kald og isolerande atmosfære, spegla i forholdet mellom hovudkarakterane.

Gjenforteljingar av godt etablerte verk endar ofte opp som eksakte kopiar av det originale utan nyskaping, men eg har tru på at The Undertow vil unngå denne fella.

Serieskapar: Gjenforteljing av Twin, Kristoffer Metcalfe
Sjanger: Krim, drama
Episodar: ikkje annonsert
Premiere: 2025
Kor: Netflix


Newtopia

Det er på høg tid at me innrømmer at K-drama ikkje lenger berre er ein «guilty pleasure», men fortener den anerkjenninga han har krav på. Denne vinteren kjem eit unikt K-drama: Newtopia. Serien er skriven av Ji Ho-jin og Han Jin-won, medforfattar av den Oscar-vinnande filmen Parasite (2019).

For fans av BlackPink er dette ekstra gode nyhende: hovudrolla er spelt av Jisoo. Ho har vist seg som eit multitalent og gjer det sterkt som skodespelar. Med seg på laget har ho Park Jeong-min, ein annan av Sør-Korea sine store stjerner.

Handlinga i Newtopia er basert på romanen med same namn av Han Song-woon. Me møter Kang Young-ju (Jisoo) og Lee Jae-yoon (Park), mens begge prøver å overleva ein zombiapokalypse i hjarta av Seoul. Dei har nettopp gått frå kvarandre som par, men no må dei overvinna både seg sjølv og blodtørstige zombiar for å finna tilbake til kvarandre.

Newtopia lovar intense skodespelarprestasjonar frå Jisoo og Park. Dessutan er manuset og regien av serieskaparar med solid erfaring. Men det som verkeleg skil seg ut, er måten serien kombinerer ein kjærleikshistorie med ein dystopisk zombiapokalypse. Med unike element frå koreansk kultur og forteljarkunst får ein ei oppleving ulik noko frå vestlege seriar.

Med action, kjærleik og eit snev av håp midt i kaoset, vil denne serien garantert fanga både K-drama-veteranar og nye sjåarar.

Regissør: Yoon Sung-hyun
Sjanger: Romantisk fantasi
Episodar: 8
Premiere: Vinter 2025
Kor: Prime


Alien: Earth

I år meldte Jenny Lund Alien: Romulus, og eg er einig i mykje av det ho skriv. Filmen er eit godt tilskot til Alien-universet etter mange fæle bidrag sidan Aliens (1986). Eg vel å tru at serieskaparen Noah Hawley, kjend for Fargo (2014–), har lært noko frå feila til tidlegare Alien-tilskot som han tek med seg inn i sin kommande serie: Alien: Earth.

Blant skodespelarane finn me nykomaren Sydney Chandler, saman med Timothy Olyphant og Alex Lawther. Rollebesetninga er ei blanding av nye talent og etablerte namn – noko som gjer det ekstra spanande.

Til skilnad frå dei fleste andre bidrag i Alien-universet, er hendingane i Alien: Earth plasserte på jorda (tittelen lyg ikkje). 70 år før Alien (1979) krasjar eit romskip på jorda. Ei gruppe uavhengige soldatar og ei ung jente blir dei første som oppdagar romskipet, men dei skal snart møta dei frykta utanomjordiske skapingane.

Hawley har uttalt i eit intervju med Variety at verdsbygginga og mytologien i Alien: Earth har meir til felles med Alien (1979) enn dei nyare filmane, som til dømes Prometheus (2012). Dette er ei stor lette for oss som ikkje er særleg begeistra for kanonen frå Alien-filmane frå 2010-åra (noko dei fleste Alien-fans kan einast om). Nettopp difor har eg håp om at me kanskje endeleg får eit sterkt tilskot til Alien-universet.

Serieskapar: Noah Hawley
Sjanger: sci-fi, skrekk
Episodar: 8
Premiere: 2025
Kor: Disney+