Den nyaste filmen i den legendariske serien er blanda drops, men har sine høgdepunkt, meiner filmmeldar Jenny Lund.

Jenny Lund
Publisert
Oppdatert 16.08.2024 11:08

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Alien har vore gjennom så mangt sidan Ridley Scott sette laus filmhistoria sitt mest kjente rombeist for første gong i 1979. I tillegg til å ha kanskje det minst konsekvente namngivingsmønsteret i ein serie filmar, har sjølve stemninga endra seg frå film til film, med mottaking som har variert frå jubel til piping.

 

Alien: Romulus

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk

Regi: Fede Álvarez

Noregspremiere: 14.08.2024

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: Sci-fi, skrekk, thriller

Speletid: 1t 58m

Terningkast: 4

Mens originalen spelar på frykta knytt til eitt einaste, men svært farleg vesen, er neste film ein meir actionfylt affære signert James Cameron, med fleire skapningar som i denne omgang vart motkjempa med futuristisk militærvald.

Tilbake til skrekksjangeren

Alien: Romulus si marknadsføring har vektlagt han som ein retur tilbake til skrekksjangeren. Regissør Fede Álvarez har tidlegare vore ansvarleg for Evil Dead (2013), rebooten av den høgt elska skrekkserien med same namn, så det er ikkje første gong han får i oppgåve å gi friskt blod til ein ikonisk filmserie.

Når ein forlaten romstasjon driv over koloniplaneten der dei bur, ser ei gruppe ungdommar sitt snitt til å reise til eit anna solsystem ved hjelp av det kryotekniske utstyret som framleis vert liggjande der. Blant dei er Rain og mannen ho kallar bror sin, Andy, ein kunstig person eller androide, som er den einaste familien ho har igjen. Dessverre viser det seg at stasjonen ikkje er så forlaten som dei trudde, og dei hamnar i ein kamp for livet mot universets mest skremmande skapning.

Eg har ei litt skamfull, men nødvendig innrømming å komme med før eg kan gå skikkeleg i gang: Før eg såg Romulus hadde eg berre sett dei første to Alien-filmane. Det gjekk greitt, sidan han er sett mellom dei to, men det betyr at eg kan ha gått glipp av detaljar som dei meir kjende med serien ville ha lagt merke til. Med det sagt er filmen skriven slik at ein ikkje treng å ha sett den første eingong, men eg ville anbefalt det.

Fleire folk, fleire lik

Når ein ser at ein skrekkfilm har eit ensemble av hovudkarakterar, er det to element som ofte vil vise seg. For det første vil dei fleste av dei døy. For det andre er ikkje nødvendigvis det at dei døyr like viktig som måten dei døyr på. Om ein er nøgd med det, leverer Romulus ein solid dose vald til fryd og/eller forskrekking. Sjølv om dette definitivt er ein film der skrekkelementa er sentrale, med ein god del intense augeblikk og smak for alle slags innsider som kjem ut, vil eg seie at action-arven frå Aliens er like merkbar. Handlinga beveger seg fort, som er litt kjipt for forteljinga, men ganske greitt for underhaldinga.

Álvarez forsøkjer likevel å tilføre kvar av karakterane noko unikt, med litt varierande resultat. Sjølv om filmen ikkje dveler ved heimplaneten lenger enn nødvendig, vert det klinkande klart kva slags desperasjon som driv dei til å flykte. Grunnlaget for samfunnskritikk er der, men så snart dei er oppe i rommet, vert fokuset skifta mot dei enkelte karakterane og deira mindre hyggelege skjebnar.

Andy er definitivt blant dei mest interessante av dei, då måten han vert nytta i manus set ljos på moglege filosofiske utfordringar i forhold til kunstig intelligens og liv. Dei andre har litt mindre å jobbe med, og eg må innrømme at ein liten del av meg berre er litt lei av grupper med unge vaksne som hovudkarakterar i skrekkfilmar. Eg føler liksom at eg har sett dei fleste variantane dei kjem i no. Skodespelarane gjer ein god jobb, og eg tenkjer at det i seg sjølv ikkje er noko feil med å skrive karakterar som ikkje nødvendigvis er så sjarmerande, men i og med at dette er ein oppfølgjar, tenkte eg ein del på filmane som kom før.

Både Alien og Aliens handlar om profesjonelle, vaksne folk som plutseleg vert kasta inn i ein situasjon dei ikkje kan handtere, og eg må innrømma at eg synest det er ein meir interessant struktur for denne typen handlingsforløp. Hovudkarakterane her har så vidt, om i det heile tatt, kunne forlate heimen sin før no. Det at dei ikkje er førebudde på det som ventar dei har ikkje noko element av overrasking til seg.

Bra beist

Er det noko eg derimot ikkje er lei av, så er det slimete romskapningar. Dei titulære romvesena, designa av den sveitsiske kunstnaren H. R. Giger, er blant dei mest ikoniske moderne filmmonstera me har, og i Romulus er dei så vakre/fæle som dei alltid har vore.

Effektarbeidet er gjennomgåande strålande, som i dette tilfellet betyr motbydeleg, og alt det visuelle vert forsterka av dei iaugefallande setta. Kvar lokasjon, frå den tåkete heimplaneten til dei mange romma i romstasjonen, er tvers igjennom gjennomførte, og kjennest ut som stader som kunne finnast, om ikkje i vår levetid. Teknologien om bord vert også anvendt på interessante måtar, som får settinga til å kjennast meir autentisk: Ein gløymer ikkje at dette faktisk er ute i verdsrommet.

Eg trur ikkje at dette er ein film som ikkje veit kva han vil vere, men heller ein som vil vere litt for mykje samtidig. Ikkje alt landar, men då det var over, sat eg igjen med tanken om eg hadde hatt det ganske gøy.

Det er nok, det også.