Den nye abortlova trer i kraft 1. juni

Fram til då førebur staten endringar i helsetenesta.

NPK-NTB
Publisert

Den nye abortlova trer i kraft 1. juni 2025. Lova vart vedteken i Stortinget 12. desember.

Lova vart fredag 20. desember sanksjonert av Kongen i statsråd, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.

I starten av desember bestemde eit stort fleirtal i Stortinget for å endre abortlova. Det inneber at grensa for sjølvbestemd abort blir utvida til veke 18.

Den same grensa gjeld for fosterreduksjon – av og til kalla tvillingabort.

– Fleire av føresegnene i lova krev endringar i helsetenesta, som gjer at det er behov for tid til førebuingar før ho kan tre i kraft. Kvinner som vurderer abort, får med den nye lova rett til rettleiing, informasjon og oppfølgingssamtalar, skriv regjeringa i ei pressemelding.

– I tillegg skal nye nemnder etablerast for å behandle krav om seinabortar etter veke 18. Det blir innført nye reglar om samansetninga av nemndene, mellom anna krav om at kvinner skal vere i fleirtal, og at éin medlem skal ha juridisk kompetanse.

Dei sterkaste kritikarane av ei ny abortlov har meint ho kan føre til at fleire vil ta abort seinare i svangerskapet på bakgrunn av informasjon om kjønn og diagnose som blir kjend når ein får tidleg ultralyd.

Det blir gjennomført om lag 12.000 abortar her i landet kvart år. Tala har sokke jamt og trutt i mange år, med unntak av ein oppgang etter pandemien. Dei aller fleste abortane finn stad tidleg i svangerskapet.

Knapt 600 kvart år skjer etter 12. veke, noko som utgjer under 5 prosent av alle svangerskapsavbrot.