SSB: 38.000 lærarar i manko i 2025
Det vil vere 38.000 for få lærarar om berre ti år, viser utrekningar frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
38000 lærarar i manko
SSBs jobbprognose som vart lagt fram onsdag, viser dessutan at det i framtida også vil vere for få bygnings- og omsorgsarbeidarar, medan studentar innan økonomi og administrasjon kan ende opp utan jobb. Her vil overskotet liggje på heile 40.000, skriv Klassekampen.
LES OGSÅ: Fleire vil bli lærar
Ikkje klaff
– Det er ikkje heilt klaff mellom kva for utdanningar studentane vel, og kva for behov samfunnet har. Det ville heilt klart vore ein fordel om fleire utdanna seg som lærarar og sjukepleiarar, og færre innan økonomi, administrasjon og til dels også samfunnsfag, seier Nils Martin Stølen som står bak SSB-rapporten.
LES OGSÅ: Forbrytarskulen