Medlemsrekord for Spire: – Ser at det fungerer å påverke

Klimatoppmøtet og gruvedrift på havbotnen har ført med seg ei tilstrøyming av nye medlemmar for miljø- og utviklingsorganisasjonen.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Vi merkar ein veldig boom, ja. Vi fekk femti nye medlemmar på to dagar, og det har kome inn ti, tjue, tretti medlemmar nesten kvar einaste dag dei siste vekene, fortel Elise Åsnes i Spire.

Miljø- og utviklingsorganisasjonen avsluttar 2024 med historisk høge medlemstal.

Spire

  • ​Spire er ein miljø- og utviklingsorganisasjon som jobbar for ei rettferdig og berekraftig verd.
  • Spire er ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet.
  • Organisasjonen vart oppretta i 2004.

Ungdomsorganisasjonen som i år feirar 20-årsjubileum var per 16. desember 1471 betalande medlemmar.

COP-effekt

Ein del medlemmar er komne som eit resultat av verving, men Åsnes fortel at dei fekk inn spesielt mange medlemmar etter klimaforhandlingane i Aserbajdsjan i november. FNs klimatoppmøte vart avslutta natt til søndag 24. november, og det var rett etter det at ungdomsorganisasjonen hadde den største medlemsveksten, med 50 nye innmelde medlemmar på to dagar.

– Eg trur folk rett og slett følte på frustrasjon over både kva som skjer internasjonalt og korleis den norske regjeringa oppfører seg i utlandet. Eg trur folk ser behovet for å organisere seg og handle, med alle dei ulike dårlege avgjerdene på toppmøta, seier Spire-leiaren.

Ser at det nyttar

Også etter SV sitt gjennomslag for å stanse oppstarten av gruvedrift på havbotnen, opplevde Spire eit medlemsrush.

– Mange ser at det fungerer å påverke. Vi får til store ting saman, seier Åsnes, som meiner det viktigaste ein kan gjere i kampen for ei berekraftig verd er å organisere seg.

Ho minner om at det ikkje er individet sitt ansvar aleine, og at dei prøver å skape eit fellesskap for unge som kjempar for handling.

Slår klimastreik-året

Førre gong Spire hadde medlemsrekord var i 2019, året for dei store klimastreikane. Dei fekk mange nye medlemmar det året, men no har dei overgått det. Dei har både fleire medlemmar, aktivistar og lokallag no.

– Vi merkar absolutt at det er engasjement rundt om kring, både i medlemstal og aktivitet. Det skjer veldig mykje.

LNU: Avgjerande for eit sterkt demokrati

– Vi er veldig glade for å sjå medlemsvekst i Spire! Det viser at unge engasjerer seg og ser verdien av å vere ein del av demokratiske fellesskap. Slike fellesskap er avgjerande for å byggje eit sterkt demokrati, skriv Jakob Øvensen Aanderaa i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) til Framtida.no.

Jakob Øvensen Aanderaa er glad for at ungdomsorganisasjonar blir prioritert i statsbudsjettet. | Foto: Hilde Alice Skåra Gunvaldsen

Ifølgje LNU-leiaren er det for tidleg å seie om Spires medlemsvekst er ein del av ein større trend, då dei ikkje har oversikt over medlemstala for 2024 enda.

Likevel viser tala frå nasjonal grunnstøtte ein generell nedgang over tid. Barne- og ungdomsorganisasjonane som fekk støtte frå staten gjekk frå å ha 9784 lokallag i 2018 til 7787 i 2023. Organisasjonane hadde samla 412 478 medlemmar i 2018. Det hadde sokke til 377 313 i 2023, opplyser Aanderaa.

– Sjølv om det totale biletet viser nedgang, varierer utviklinga mellom organisasjonane. Nokre opplever medlemsvekst, medan andre møter utfordringar med å rekruttere og halde på medlemmar.