«Jola er ei tid for borna, ikkje ein fyllefest»
Egoistiske vaksne vel å setje seg sjølv og alkoholen over omsynet til ei fin høgtid for borna. Dette kan ikkje fortsetje! skriv Ane Marita Rossevatn Uleberg i Vestland KrFU.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Snøen dalar utanfor vindauget, jolelysa er tent, Mariah Carey har vorte spelt på radioen og i butikkane i snart to månadar. Du gler deg til å få fleire veker med fri der du kan vere heime og slappe av. Men den ferien du gler deg til, er det mange born og unge i Noreg som gruar seg til.
Gler seg til det er over
90 000 born i Noreg har i dag føresette som slit med alkohol. 90 000 born gler seg til joleferien er over så dei slepp å vere heime saman med sine føresette som drikk alkohol.
Jola skal vere ei høgtid der ein samlast heile familien og skapar gode minner som ein skal ha for resten av livet, men slik er det ikkje for alle. Alkoholen øydelegg jolefeiringa i veldig mange norske heimar.
Anslag frå Folkehelseinstituttet viser at nesten 1 av 10 born i Noreg veks opp med ei mor eller ein far som har hatt eit alkoholproblem det siste året. Dette gjeld derimot berre det diagnostiserbare alkoholmisbruket. Mange born opplev det og ubehageleg at dei føresette drikk utan at dei kan diagnostiserast med alkoholmisbruk.
Egoistiske vaksne
Jola er ei høgtid det er knyta både stor spenning og store forventningar til. Mange born gler seg i lange tider på førehand, lager ynskelister og planlegg kva dei skal gjere med jolegåvene. Derimot vert det som skulle vere årets høgdepunkt øydelagt av eit alt for stort alkoholkonsum av dei vaksne.
Årets høgdepunkt vert i staden årets botnpunkt for veldig mange born
Årets høgdepunkt vert i staden årets botnpunkt for veldig mange born. Ei tid dei går frå å glede seg og sjå fram til, vert ei tid dei gruer seg til. Egoistiske vaksne vel å setje seg sjølv og alkoholen over omsynet til ei fin høgtid for borna. Dette kan ikkje fortsetje!
Mi bøn denne jola er at flest mogleg born og unge i Noreg skal få ei trygg og alkoholfri jolefeiring. Noko av det aller viktigaste eit born treng for å ha det bra er tryggleik, stabilitet og det å verte sett.
Born og unge opplever ikkje tryggleik gjennom å vere saman med, eller innestengt heime saman med overstadig rusa vaksne.
Utrygge i eigen heim
Alkoholen gjer i mange tilfelle at borna føler seg utrygge i eigen heim. Når ein vaksen er overstadig rusa vil denne personen fort kunne verte ustabil, som igjen verkar skremmande på born.
Det er skremmande for born når mamma er glad i det eine augneblikket, og rasande i det neste på grunn av at ho er rusa. Borna mister både tryggleiken og stabiliteten når dei vaksne drikk alkohol, og heilt grunnleggjande behov som å verte sett vert ikkje vareteke.
Alle born fortener ei fin jolehøgtid der dei sjølv skal vere i fokus
I Noreg har grensene for alkoholkonsum rundt born sakte men sikkert sklidd meir og meir ut. Eg oppfordrar difor folk til å starte ein ny tradisjon, nemleg Kvit jol utan alkohol.
Gje born og unge ei alkoholfri jol, og den tryggleiken og stabiliteten dei treng for å kunne få ei fin høgtid.
Alle born fortener ei fin jolehøgtid der dei sjølv skal vere i fokus, og skapar gode minner dei kan ta med seg resten av livet.