Statsbudsjettet:
10 millionar kroner ekstra til ungdomsaktivitetar: – Fantastisk
LNU får 10 millionar til ei ny støtteordning etter semja om statsbudsjettet.
Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
OBS: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at pengane gjekk til Frifond. Dette er retta til at pengane går til ei ny støtteordning som LNU skal forvalte.
– Vi har jo tidlegare fått ein del pengar som vi kan bruke på utstyr og aktivitetar, og vi set veldig pris på å kunne finne på kjekke ting med ungdommane våre.
Det seier Ole Rosnes (18) frå Kristen Idrettskontakt (KRIK) Knarvik i Nordhordland på telefon til Framtida.no.
KRIK er ein av over hundre organisasjonar som får pengar gjennom Frifond, ei støtteordning for barn og unge. Midlane gjer det mogleg for blant anna Rosnes å arrangere større aktivitetar for dei lokale ungdommane sine.
I fjor arrangerte dei opplegget Mission Impossible KRIK for ungdomsskuleelevar.
– Vi køyrer litt blanding av litt militærregime og konkurranse, så dei får prøvd seg litt, gått ute i skogen der dei møter utfordringar og problemstillingar som dei må løyse.
Å vere med på ein mildare versjon av militæret, der ein kan snike seg forbi vakter, jobbe i lag, sanke poeng og vinne premiar var populært blant ungdommane. Rosnes seier det er eit fint tillegg til aktivitetane dei har kvar veke, som får fleire interesserte.
Kan få opp aktiviteten
No er LNU sikra 10 millionar ekstra kroner over statsbudsjettet til ei ny støtteordning, etter regjeringa vart samde med SV. Pengane skal gå til å inkludere fleire barn og unge og føre til auka deltaking i organisasjonane.
– Det er veldig fint å sjå at SV, Arbeidarpartiet og Senterpartiet står samla om å gi til barne- og ungdomsorganisasjonane, seier Jakob Øvensen Aanderaa, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), på telefon til Framtida.no.
LNU er ein av to paraplyorganisasjoner som forvaltar Frifond, som mange organisasjoner får støtte frå. At dei får pengar øyremerkt til ei ny støtteordning for å få opp aktivitetsnivået blant barn og unge, seier Aanderaa betyr mykje.
Han fortel at koronapandemien har gått ut over ungdomsaktiviteten. I 2018 hadde dei 10 000 lokallag, medan det i 2023 berre var 8000 registrerte lokallag.
– Så dette er ein etterlengta boost som vi kan bruke for å få opp att aktiviteten og inkludere endå fleire.
Han peikar også på at pengane kan brukast på å gjere eigendelen på aktivitetar lågare, som kan gjere at fleire har råd til å delta.
Dei har ikkje ferdigstilt korleis søknadsordninga for pengane blir, men målet er å gjere det enkelt å søke.
LNU får pengane i år, slik at organisasjonane kan søke på og bruke pengane til aktivitetar i 2025.
Vil gi tilgang på frivilligheita og demokrati
Audun Hammer Hovda, leiar i Sosialistisk Ungdom, fortel på telefon til Framtida.no at det er viktig å få snudd trenden for organisasjonar som har mista medlemar og fått færre aktivitetar.
– Det er viktig for å gi ungdommar faktisk tilgang på frivilligheita og demokratiet gjennom å delta i organisasjonar.
Han synest det er fint at tillegget kan gå flatt ut, og at organisasjonane sjølv kan bestemme kva pengane kan brukast til for å inkludere og rekruttere unge.
– Det er dei som veit best korleis dei kan skape eit tilbod som barn og unge får noko ut av.
Mykje å seie
Ole Rosnes er i alle fall glad for at det blir prioritert meir pengar til ungdomsaktivitetar.
– Det er jo heilt fantastisk for oss, for dei pengane har vore til god hjelp for at vi kan ha kjekke opplegg for unge i nærområdet vårt.
Større aktivitetar, som Mission Impossible-opplegget deira, blir møtt med stor interesse, men han fortel at alle aktivitetane deira har mykje å seie for ungdommane han møter.
– Spesielt for dei som ikkje er med på så mange andre aktivitetar, eller synest det er så gøy. Då er KRIK ein plass der dei kan kome der vi tilpassar terskelen.