Politikk og samfunn

«Noreg må styrke likestillinga for funksjonshemma»

Tida er overmoden for at FN-konvensjonen for funksjonshemma (CRPD) får same status som andre menneskerettar i Noreg, skriv Ida Hauge Dignes.

Ida Hauge Dignes (28)
Leiar for kommunikasjon og politikk i Medvind Assistanse
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den 3. desember er FN-dagen for funksjonshemma. Tida er overmoden for at FN-konvensjonen for funksjonshemma (CRPD) får same status som andre menneskerettar i Noreg – han må inn i menneskerettslova.

I Hurdalsplattforma lovar regjeringa å få CRPD inn i norsk lov. Men kva lov meiner dei ho skal inn i? Fleirtalet i eit regjeringsoppnemnt juridisk ekspertutval har allereie tilrådd at CRPD må inn i menneskerettslova – den einaste plasseringa som gir konvensjonen forrang over andre lover. Dette er eit viktig poeng dersom CRPD skal få praktiske konsekvensar som kan styrke likestillinga for funksjonshemma.

Medan både kvinne- og barnekonvensjonen er ein del av menneskerettslova, er CRPD berre ratifisert, altså signert av Noreg. Det signaliserer at styresmaktene meiner norsk lov allereie sikrar rettane til funksjonshemma. Men røynda viser noko anna – det siste året har vi sett fleire døme på grov og systematisk diskriminering.

I januar kunne vi lese om sonen til Hege, som blei nekta pass på grunn av utviklingshemminga si. Sør-Vest politidistrikt grunngav avslaget med passlova §5, som understrekar at ein kan bli nekta pass i tilfelle der søkjaren er «psykisk utviklingshemmet og ikke (…) i stand til å ta vare på seg selv i utlandet». Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner at lova bør bli endra.

I mai kunne vi lese om Markus, som bur i ein bemanna bustad, men som ønskjer å bu i eiga leilegheit ved hjelp av brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Livet i den bemanna bustaden er svært avgrensa. Markus får mellom anna berre lov til å «gå ut døra to ettermiddager i uka, og aldri etter klokka 21.00». Dette strir mot CRPD. Artikkel 19 utdjupar at personar med nedsett funksjonsevne har rett «til å velge bosted […] på lik linje med andre, og [må ikke] bo i en bestemt boform».

I september kunne vi lese om Anita, som blei tvangsflytta til nabokommunen mot foreldra si vilje, under dekke av at det skulle vere ei «hyggelig utflukt». Ifølgje VG har 42 kommunar gjennomført 107 flyttingar, 53 av dei utan tvangsvedtak, men likevel mot personen eller familien si vilje.

Dette er berre nokre få døme på grov urett som skjer lovleg mot funksjonshemma i Noreg i dag. Vi som samfunn må snart erkjenne at òg funksjonshemma skal bli behandla som folk. Vi skal leve i fridom og ha det same sjølvstendet andre kan ta for gitt. Då må Stortinget kjenne si besøkstid og vedta CRPD inn i menneskerettslova.