7 nye julefilmar å kose seg med i desember

Desember og jula byr på alt frå gode, gamle filmklassikarar til adventsseriar og Hallmark-filmar. Vi har samla noko av det nye bransjen kan freiste med innan juleunderhaldning!

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

«Tre menn til Vilma»

Boksuksessen Tre menn til Vilma av Gudrun Skretting har blitt film.

Dette er ein jule-romcom om den 35 år gamle læraren Vilma Veierød som bur aleine og bekymrar seg for det meste, spesielt for døden. Ein dag dukkar den kjekke presten Ivar og patologen Robert, opp på døra hennar. Dei fortel at faren hennar, som ho ikkje kjente, er død.

Vilmas liv blir sett på hovudet og ho må no forhalde seg til to menn og ein død far.

Kjersti Dalseide spelar hovudrolla Vilma, presten Ivar er Tobias Santelmann og patologen blir spelt av Ole Christoffer Ertvaag.

Kor: Kino
Speletid: 1 time og 35 minutt
Aldersgrense: 9 år

«The Merry Gentlemen»

Denne Netflix-filmen passar nok ypparleg for One Tree Hill-fansen. Chad Michael Murray er tilbake i rampelyset, denne gongen som ein slags juleversjon av Magic Mike.

Ein Broadway-dansar prøver å redde foreldra sin nattklubb i ein liten småby, og bestemmer seg for å sette opp eit show med mannlege stripparar, eller ein mannleg julerevy, som ho presiserer.

Kan «The Merry Gentlemen» redde klubben, og blir det noko romantikk på vegen?

Kor: Netflix
Speletid: 1 time og 27 minutt
Aldersgrense: 7 år

«Hot Frosty»

Netflix har fleire godbitar i julefilmkatalogen sin. I år kan du sjå nykommaren «Hot Frosty».

Filmen handlar om ein snømann som blir bringa til live. 

Kathy er enke og sørgar over mannen sin. Ho gir skjerfet sitt til ein snømann av det meir imponerande slaget, og han blir på magisk vis til ein mann.

«Kan han hjelpe ho med å gjenoppdage romantikken, latteren og julegleda før han smeltar?» spør Netflix i filmomtalen.

Kor: Netflix
Speletid: 1 time og 32 minutt
Aldersgrense: 7 år

«Terrifier 3»

Om juleromantikk blir for klissete for deg, men du framleis har lyst til å sjå ein julefilm, kan skrekkfilmen Terrifier 3 vere noko for deg.

Regissør Damien Leone serverer oss tidenes blodigaste jul, skriv Filmweb.

Det er jul og innbyggarane i Miles County gler seg til ein hyggeleg juleferie, men Art the Clown er tilbake, og har andre, blodige planar for jula.

Kor: Kino
Speletid: 2 timar og 17 minutt
Aldersgrense: 18

«An Almost Christmas Story»

Denne julefilmen er nok litt koselegare enn den over.

I kortfilmen An Almost Christmas Story møter vi ugla Moon som endar i eit juletre på veg til Rockefeller Plaza.

Ugla treffer den vesle, bortkomne jenta Luna i forsøket på å kome seg vekk frå byen. Dei set ut på eit eventyr saman medan dei prøver å kome seg heim til jul.

Kor: Disney +
Speletid: 21 minutt
Aldersgrense: 9 år

«Red One»

Julenissen er kidnappa, og det er opp til Nordpolens sikkerheitssjef, spelt av Dwayne Johnson, og ein berykta dusørjeger, spelt av Chris Evans, å redde han.

Dette er med andre ord julefilmen for den actioninteresserte.

Også norske Kristofer Hivju dukkar opp i actionkomedien. Han er ganske ugjenkjenneleg i rolla som Krampus, julenissens bror.

Kor: Kino
Speletid: 2 timar og 3 minutt
Aldersgrense: 12 år

«Snøsøsteren»

No kjem Maja Lunde og Lisa Aisato si julebok «Snøsøsteren» som film. Det er Cecilie Mosli som har regien på filmen, som er laga i samarbeid med Netflix.

Historia handlar om Julian, som blir elleve år på julaftan. Det som til vanleg er favorittdagen hans, er i år ikkje noko å glede seg til. Familien sørgar etter at storesøstera hans døde.

Men ein dag møter Julian ei sprudlande jente som elskar jul, Hedvig. Dei blir raskt vennar, men det er noko mystisk med huset hennar, og kven er den mystiske gamle mannen som luskar rundt?

Kor: Netflix
Speletid: 1 time og 36 minutt
Aldersgrense: 10 år