«Den norske olja er akkurat like klimaskadeleg som olja i Usbekistan»
– Det siste klimaet treng er dagens mørkegrå regjering, skriv Matilde Tørudbakken Slettan. Ho meiner Noreg er dobbeltmoralsk når det kjem til klimapolitikk.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det er absurd at regjeringa trur dei kan kjøpa Noreg ut av klimakrisa. Det er openbert at det dei er mest oppteke av å halda fram med, er å bora olje i evig tid.
Denne veka er det klimatoppmøte i Baku. Her skal leiarane i verda igjen finna løysingar på korleis klimakrisa skal løysast. Noreg har allereie peika på kva som skal vera tiltaka deira for å løysa klimakrisa, nemleg å kjøpa klimakvotar i andre land.
Mellom anna skal 195 millionar kroner gå til å fasa ut olje- og gassubsidiane i Usbekistan.
Det er vel og bra at regjeringa prøver å gjera noko for å få ned utsleppa i verda, men innsatsen er ikkje akkurat til å skryta av. Viss alle land hadde tenkt som Noreg, hadde det vore å gløyma å løysa klimakrisa med ein gong.
Dobbeltmoralsk
Samtidig som regjeringa skal finansiera olje- og gasslutt i Usbekistan, deler dei ut rekordmange nye oljelisensar på norsk sokkel. Det er så dobbeltmoralsk som ein får det, og heng ikkje på greip.
FNs klimapanel er krystallklare. Dersom me skal klara å løysa klimakrisa, er me nøydde til å fasa ut olje- og gassnæringa, også den norske.
For nei, det er ikkje sånn at Noreg har den reinaste olja i verda, som nokon prøver å få det til å verka som. Den norske olja er akkurat like klimaskadeleg som olja i Usbekistan, og resten av verda.
Likevel er ikkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet villige til å fasa ut den norske olja, sjølv om det er heilt nødvendig for å løysa klimakrisa.
Uavhengig av om regjeringa tek til vitet, og fasar ut oljenæringa, eller ikkje, er og blir oljeindustrien ei døyande næring. I motsetning til Noreg er nemleg resten av Europa i god gang med å gå frå fossile energikjelder til grøn energi.
Ei døyande næring
Om 50 år er det ingen som vil kjøpa norsk olje. Då vil me sitja der med skjegget i postkassa, og verken tena pengar eller løysa klimakrisa.
I staden for å klamra oss fast til ei døyande næring, er me nøydde til å omstilla oss. Me må nytta den verdifulle kompetansen på oljeplattformene til å utvikla ny teknologi, og grøn energi som me kan eksportera til Europa.
Slik kan me halda fram med å ha økonomisk utvikling samtidig som me løyser klimakrisa.
Om vel fem år skal norske utslepp vera kutta med 55 prosent. Då er det eit paradoks at regjeringa sit på kontora sine, og nøyer seg med å kjøpa eit par kvotar i andre land, framfor å sjå på korleis utsleppa kan kuttast i Noreg.
For å løysa klimakrisa, treng me at absolutt alle land i verda kuttar klimagassutslepp, også Noreg. Då må politikarane faktisk ta ansvar, og fasa ut oljenæringa.
Det siste klimaet treng er dagens mørkegrå regjering som verken løyser klimakrisa eller sikrar ei berekraftig økonomisk utvikling.