Vekst i oppdrettsnæringa no er vekst i miljøproblema
Det er positivt at regjeringa endeleg ser på strenge miljøkrav for ei næring som har store og veksande problem med berekraft, men ein kan ikkje vekse seg ut av desse problema.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa har levert eit forslag om å la næringa auke mengda oppdrettsfisk mot at dei innfører strenge miljøkrav. Miljøproblema må ordnast først.Det er ikkje noko nytt at me har ei regjering som ønskjer at norske næringar skal vekse og tene meir pengar. Det er likevel nytt at me har ei regjering som verkar å ta miljøproblema i oppdrettsnæringa litt meir seriøst enn tidlegere. Lakselus er – ved sida av rømming av oppdrettslaks – heilt klart det største miljøproblemet i oppdrettsnæringa. Luseproblemet har auka parallelt med mengda oppdrettsfisk.
LES OGSÅ: Miljøpartiet uroa for villfisken
Ei stor endring
Derfor er det interessant å sjå eit forslag frå Regjeringa som inneheld svært strenge miljøkrav. 0,1 holakselus per laks seier kanskje ikkje alle så mykje, men det vil bety ei stor endring.
Problemet er berre at desse krava ikkje gjeld alle oppdrettarar. Miljøkrava vil stillast til dei som ønsker å vakse i fiskemengd, og dei tiltaka krava føreset er dyre. Det vil si at det er dei oppdrettarane som kan rekne ut «auka inntekt frå meir fisk i merdene, minus utgifter til teknologiforbetring for å innfri krava» og fortsatt tene på det som vil gjere det. Det gjeld diverre ikkje veldig mange i næringa. I tillegg til at det ikkje vil vere nok oppdrettare som innfører miljøtiltak, vil forslaget kunne forverre situasjonen nokre plassar i Noreg.
LES OGSÅ: Mongstad-alger kan løysa verdsproblem
Sluppe unna enn så lenge
Oppdrettsnæringa på nokre plassar, som Finnmark og Agder, har enn så lenge sluppe unna dei verste lakseåtaka og ligg under 0,1 holus per laks. Det vil seie at oppdretten her, etter Regjeringens forslag, berre kan vekse utan vidare miljøplan. Større mengder oppdrettsfisk på ein plass gjev fleire individ lusa kan å sitje på, og derfor også meir lus. Når me i tillegg veit at klimaendringar og derfor varmare vatn gjer at lusemengda allereie er aukande i Finnmark, må me skjøne at det er noko som skurrar. Det er ingen politiske dokument som vil endre det at mengda lakselus aukar når talet på verter aukar – det kan berre teknologisk utvikling og strenge miljøkrav gjere.
Natur og Ungdom meiner derfor at Regjeringa må skrinlegge forslaget om å la oppdrettsnæringa vakse, sjølv med dei forutsetningane dei foreslår. Me meiner heller me må ta tak i miljøproblemet direkte, og innføre strenge miljøkrav til heile næringa. Før desse problema er løyst kan ikkje næringa vakse, skuggen av veksten vil vere meir lus og fleire miljøproblem.
Tale Hammerø Ellingvåg, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom
LES OGSÅ: Ti forsøksfisk i minuttet