– Det er ei merkeleg oppleving med dei folka du møter på julekvelden, nesten som eit asylmottak for dei med rare familieforhold.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg saknar nesten den naive stormannsgalskapen, og trua på at kva ganske vesle Raud Ungdom vedtek, betyr veldig mykje.

Det seier Mímir Kristjánsson på telefon til Framtida. Raudt-politikar Kristjánsson er ikkje redd for å by på seg sjølv, og har i advent vore å sjå i NRK-suksessen 24-stjerners julekalender. Det siste året har han også gitt ut den kritikarroste sjølvbiografiske boka Pabbi – En familiesaga om drukkenskap.

Då han var 20 år var han ein blakk raddis frå Stavanger som allereie var djupt inne i ungdomspolitikken.

Skulle forandre verda

Året er 2006, Jens Stoltenberg er statsminister, og Kristjánsson bur i eit kollektiv i Oslo og blir valt som leiar i Raud Ungdom

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– Eg får lyst til å seie at Facebook kom, det var ein ting, og folk dreiv og blogga. Også haldt Israel på med noko faenskap nede i Midtausten.

Det var blitt raudgrøn regjering året før, og Kristjánsson og venane hans var spente på å sjå kva det ville seie å ha SV i regjering for fyrste gong. Som ungdomspartileiar tok politikken naturleg opp mykje av dagane hans.

– Det kjentest som det viktigaste i heile verda. Det høyrest dumt ut i dag, men det var ei kjensle av at no som eg skulle ta over RU, så skulle eg og dei politiske venane mine forandre ikkje berre heile venstresida, men heile verda.

Mímir Kristjánsson hadde planar om å redde verda med venane sine. | Foto: Privat

Politikken påverka også fritida. Det gjekk i sosialistisk litteratur, av tenkjarane Karl Marx, Vladimir Lenin og Rosa Luxemburg.

– Litt sånn klassisk «Raud ungdomsk»-litteratur.

Kjærast og kameratar var viktige

Den viktigaste personen i livet var ungdomskjærasten som han hadde vore saman med sidan dei var 16–17 år.

Gutane i kollektivet kom også høgt oppe på lista

– Vi sat typisk og jobba på kontoret saman, det var litt sekt-aktig, men mest med positivt forteikn. Det trur eg folk som ikkje har vore i ungdomspolitikken synest er rart, men du veks opp saman og flyttar saman med venar med same politiske bakgrunn.

Alt var mogleg

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Mímir Kristjánsson var ein optimistisk 20-åring. | Foto: Privat

– Eg tenkte jo fyrst og fremst at alt var mogleg. Det var mogleg å forme framtida på ein veldig optimistisk måte, og eg er usikker om det er det same i dag.

På den tida hadde Kristjánsson kjensla av at det låg store og vedunderlege dagar i vente.

– Samstundes hadde eg jævla dårleg råd.

Han fekk 7000 kroner i månaden for å jobbe fulltid for RU. Det gjekk ikkje heilt rundt i Oslo, sjølv i 2006.

– Vi melde oss som studentar for å få studielån, stipend fekk vi ikkje. Så då sat vi etter kvart att med masse gjeld, det var litt av eit opplegg.

Han er tydeleg på at dei ikkje var fattige på same måte som dei som ikkje hadde familie å falle tilbake på, men at det var ein del av livsstilen dei valde å ha på den alderen.

– Det var veldig mykje nudlar, First Price-pasta, og glede når ein eller annan hadde fått 1000 kroner frå mor og kunne gå og kjøpe ei kasse med Tuborg.

Fyllatur til Island

Det var likevel tid til litt andre ting også, som fotball og pub.

– Og då var det kanskje Viking-kampane?

– Vi såg også mykje på Premier League. Det var ikkje så viktig kven som spelte, det var vel så viktig å drikke.

Generelt gjekk det mykje i øldrikking på pub med kameratar. Kristjánsson hugsar ikkje 20-årsdagen sin, men ville vore overraska om det ikkje vart feira på den måten.

Han hugsar derimot fyllaturen han og venane tok til Island for å feire leiarvervet.

Jul på bar

Jula 2006 hugsar han også godt. Sidan det meste av familien hans budde på Island, vart det jul åleine med mamma i Stavanger.

– Så då åt vi pinnekjøtt til vi vart leie av kvarandre.

Etter det stakk han ut på byen i Stavanger.

– Det er ei merkeleg oppleving med dei folka du møter på julekvelden, nesten som eit asylmottak for dei med rare familieforhold.

Planla ikkje å bli politikar

– Kva var di største frykt?

– Det må vel på ein eller annan måte ha vore at eg skulle få eit alkoholproblem, sidan eg vaks opp med ein alkoholisert far.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Jævla dritunge, hehehe. Eg trur ikkje eg ville hatt så høge tankar om meg sjølv.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei, faktisk ikkje. Det høyrest rart ut, for eg var politikar, men eg har jobba nesten 15 år utanfor politikken, innan journalistikken. Eg tenkte kanskje eitt eller anna med journalistikk, meir enn politikk. Det var aldri planen å jobbe i RU og Raudt.

Gjer meir når du er i 20-åra

Om Mímir Kristjánsson skulle gitt seg sjølv eitt råd som 20-åring er det å gjere fleire ulike ting.

– Det eg angrar aller mest på er alt eg ikkje gjorde. Eg har omtrent berre gjort ein ting. Budd i Oslo, jobba i journalistikk og politikk. Kanskje eg skulle gått i militæret, eller flytta utanlands.

Som stortingspolitikar med to ungar er det ikkje like enkelt å berre bu eit år på Island.

– Då du var 20 kjentest det som om alle åra var det viktigaste året, men ein kunne på ein måte gjort noko anna, prøvd andre ting. Eg kom meg inn på eitt spor veldig tidleg, og har brukt mykje av livet mitt på det.