Ny leiar: Gaute Skjervø i AUF ser opp til Olof Palme
AUF-leiaren likar å høyre på Kanye West på veg til debatt, sjølv om han synest artisten har blitt eit «politisk rævhol».
– Urettferd får hjartet mitt til å slå. Eg såg bileta av drepne barn på Gaza då eg gjekk på ungdomsskulen, og meinte det var urettferdig at desse barna ikkje fekk vekse opp.
Det fortel Gaute Børstad Skjervø om kva som gjorde at han vart engasjert.
29-åringen frå Levanger i Trøndelag tar over som leiar i Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon AUF.
Gaute Børstad Skjervø
Alder: 29
Personleg pronomen: Han
Frå: Levanger i Trøndelag
Yrke/utdanning: Har jobba som miljøarbeidar med psykisk utviklingshemma, reinhaldar på Levanger sykehus, politisk rådgivar i Framtiden i våre hender, praktikant på generalkonsulatet i Houston i Texas og har studert statsvitskap ved NTNU.
Favorittfag på skulen: samfunnsfag
Ulike verv: Fylkesleiar AUF i Nord-Trøndelag (2011-2012), sentralstyremedlem AUF (2018-2020), nestleiar AUF (2020-2024), fylkestingsrepresentant Trøndelag (2015-2023), kommunestyremedlem Levanger (2019-2023), vara på Stortinget (2017-2025). Visepresident IUSY (International Union of Socialist Youth) (2023-2025).
Medlem i: AUF, Arbeidarpartiet, Handel og Kontor, Framtiden i våre hender
Eit fritt Palestina, kampen mot rasisme og eit samfunn der gutar og jenter kan skape seg gode liv, er hjartesakene til ungdomspolitikaren.
Idealsamfunnet
For Skjervø er idealsamfunnet eit klimavenleg samfunn der alle bidrar til fellesskapet med skatt, og at dei pengane gir oss verdas beste skule, verdas beste helsehjelp og eit likestilt arbeidsliv.
– Og der bustad er folks heim, ikkje eit spekulasjonsobjekt. Klarar vi også å sikre at fellesskapet gir alle barn like moglegheiter gjennom for eksempel gratis barnehage, SFO og minst éin fritidsaktivitet, trur eg mange fleire ville kunne levd gode liv.
– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit. Kva er overskrifta?
– «Russland kapitulerer, Ukraina erklærer full siger».
Olof Palme og Åge Aleksandersen
Skjervø sitt største politiske førebilete er den svenske statsministeren Olof Palme, som var politikar for Arbeidarpartiets svenske søsterparti Socialdemokraterna. Palme, som var statsminister frå 1969 til 1976 og 1982 til 1986, var kjent for sitt kompromisslause engasjement.
– Han var modig, og eg trur nettopp det å ha mot i møte med sterke pengekrefter og ei høgreside i medvind, er avgjerande for AUF.
Om han kunne invitere kven som helst på middag, hadde valet derimot falle på ein kjent artist frå heimfylket.
– Eg trur eg kunne hatt ein ganske artig kveld med Åge Aleksandersen, inderøysodd og Dahls pils.
Økonomisk ulikskap
Gaute Skjervø har vore nestleiar i AUF dei siste fire åra, og vart vald til leiar på ungdomspartiets landsmøte i slutten av oktober.
Den største sigeren på årets landsmøte var for Skjervø at AUF framleis er imot å byggje ut verna vassdrag.
– Vern må ha ein verdi, også når det er behov for utbygging. Eg meiner vi må tole å byggje ned natur for å sikre fornybar energi, men våre verna vassdrag må skånast.
Dei tre viktigaste sakene for AUF anno 2024 er kampen mot økonomisk ulikskap, ein sterk fellesskule der alle kan lykkast og internasjonal solidaritet for å gi menneske fridom, sikre eit fritt Palestina og unngå ein ny storkrig.
– Vår store kamp framover er kampen mot ulikskapssamfunnet. Unge opplever at økonomisk ulikskap er synleg i bustadpolitikken, i skulen, i arbeidslivet, i russetida eller når dei skal sjå Premier League med vennar. Økonomisk fridom gir unge moglegheita til å lykkast, det skal vi sikre.
Tidsoptimist
På fritida er Gaute Skjervø glad i å vere ute.
– Anten det er fotball med kompisar, ei runde golf, ein gåtur i fjellet eller ei ordentleg økt vedhogst i skogen, så hjelper det meg å slappe av etter møte, debattar og kontortid.
For å halde seg oppdatert, les han aviser om morgonen, og han har låg terskel for å bla gjennom nettavisene i eit ledig augeblikk.
– Dei siste åra har eg også brukt veldig mykje tid på å følgje nyheitene frå USA og fronten i Ukraina på Twitter.
Den største tidstjuven i kvardagen hans, er at han heile livet har vore ein forferdeleg tidsoptimist.
– Eg tenker alltid at ting går raskare enn det faktisk gjer. Det har nok irritert ein del vennar og ikkje minst kjærasten min innimellom.
– Kva for ei bok burde alle lese?
– Farvel til Eddy Bellegueule av Eduard Louis er ei fantastisk sterk forteljing om livet til ein ung mann oppvaksen i den fattigaste delen av Frankrikes ulikskapssamfunn. Ho er blant dei beste bøkene eg har lese dei siste åra.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Eg har likt superhelt-komedien The Boys veldig godt. Han er ei veldig god populærkulturell framstilling av kapitalismen og ytre høgre.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Han har jo dessverre blitt eit politisk rævhøl, men eg er veldig svak for mykje av Kanye West sine originale greier. «Dark Fantasy» er aldri feil på biltur eller på veg til debatt.