Visste du at halloween har sitt opphav i keltiske tradisjonar før det vart til den kristne feiringa «All Hallows Eve»?
Allehelgensaftan, kanskje mest kjent som halloween, har vore feira i over tusen år.
Dagens halloween har sitt opphav frå ei keltisk feiring kalla samhain. Keltarane var eit folkeslag som budde på dei britiske øyane og er forfedrane til dagens skottar, irar og walisarar.
Samhain
Samhain vart feira 1. november, og keltarane trudde at på denne dagen var skiljet mellom vår verd og åndeverda nesten usynleg. Derfor måtte ein passe seg for vonde ånder.
Men keltarane trudde også at dei daude kom fram på denne dagen, og det var vanleg å dekke middagsbordet med fleire stolar og tallerkenar enn til dei som var til stades, slik at dei daude kunne ta del i måltidet.
Irske forskarar har funne gravkammer frå den neolittiske tidsperioden, (4100 – 2500 fvt.) som er plassert slik at dei får sollys ved soloppgang på samhain. Andre monument og gravplassar rundt om i Storbritannia er også bygd og plassert i forhold til sollys og årstider.
Dette kan vere eit bevis på at datoen har hatt ei betydning for menneska for meir enn 4000 tusen år sidan.
«All Hallows Eve»
Samhain vart gjort til ei kristen høgtid av Pave Bonefatius 4. i det sjuande hundreåret. Den engelske, kristne kongemakta ville gjerne fjerne dei keltiske elementa ved feiringa, sidan mange keltarar på denne tida framleis tilbad fleire gudar.
Derfor blei namnet endra til «All Hallows Eve», i dag meir kjent som halloween.
Halloween, eller allehelgensaftan, er feira over store deler av den katolske og ortodokse verda i dag.
Ein grunn til at dagen vart gjort ein kristen heilagdag, kan ha vore for å ha ein dag å feire alle dei helgenane som ikkje hadde sin eigen dag.
Halloween-tradisjonen kan opphavleg ha kome til Amerika med «pilegrimane» (dei første kolonistane i dagens USA), sjølv om fleire av dei levde etter strenge religiøse reglar som forbaud dei å feire høgtida.
● Les også: Slik blir dei døde feira rundt om i verda
«Knask…»
Halloween blei ein vanleg amerikansk tradisjon utover 1800-talet, då store mengder irske immigrantar kom til landet som følgje av hungersnauda i Irland på 1840-talet.
Det er uvisst nøyaktig når tradisjonen rundt «knask eller knep» faktisk byrja. Å gi bort mat skal ifølge forfattaren bak bøkene Halloween, an American Holiday, an American story, og Halloween Nation Lesley Bannatyne ha vore ein praksis keltarane dreiv på med. Dette seier ho i eit intervju med CNN.
Det var vanleg å ofre mat og gåver til åndene, og å kle seg ut som ånder var også vanleg for at åndene skulle tru at ein var ein av dei.
Å kle seg ut blei i Irland og England etter kvart kalla «guising».
Ein tradisjon som fann stad i mellomalderens England, var at barn eller fattige menneske gjekk frå dør til dør der dei tigga om mat eller pengar. Dei kunne også framføre små nummer i form av dikt eller song. Dette vart kalla «souling», fordi dei tiggande kunne få «soulcakes» eller sjelekaker. Desse sjelekakene kunne bli sett ut på natta saman med eit glas vin som ei slags ofring til dei daude.
Sjelekakene kunne ofte innehalde rosiner, kanel og muskatnøtter.
«…eller knep»
Utover 1930-talet blei halloween meir og meir kommersialisert. Dette var fordi bedrifter og butikkar såg ein ny marknad i halloweengodteri og kostyme. I år er det, ifølge New York Times, forventa at amerikanarar skal komme til å bruke rundt 110 milliardar norske kroner på halloween til saman. Dette er ein markant oppsving samanlikna med i 2005, då amerikanarane brukte om lag 30 milliardar kroner.
Å gjere «knep» betre omsett til direkte ugang kunne komme som ein konsekvens av å nekte å gi dei tiggande mat.
Utover 1940-talet i USA kunne desse triksa bli til hærverk og vandalisering. Dette blei på eit tidspunkt så ille at fleire amerikanske byar vurderte å forby feiringa.
Norsk halloween
Halloween, eller allehelgensdag, har ikkje tradisjonelt vore ei feiring vi markerer i Noreg. Tradisjonen har i all hovudsak blitt sterkt påverka av amerikansk kultur.
Halloween i Noreg begynte for første gong å bli markert i Noreg på byrjinga av 2000-talet. I Noreg brukar vi no i snitt 1100 kroner kvar, ifølge ei undersøking frå Norstat.
Ulike versjonar av hausttakkefestar, allehelgensaftnar, feiringar av dei daude og at vinteren er på veg, finst i heile verda.